Bestill og endre time for blodgiving
Du kan enkelt bestille eller endre time når du skal gi blod.
Brystsmerter kan oppstå ved ei rekkje tilstandar. For somme av desse tilstandane er det viktig at du kjem tidleg til behandling. Ved akutte, sterke og vedvarande brystsmerter bør du derfor ringje 113 (AMK).
Brystsmerter kan vere ulike typar smerter frå brystkassa eller brysthòla. Brystsmerter kjem ofte frå organ i brysthòla som hjarte, lunger eller matrøyret. Brystsmerter kan også komme frå hud, musklar eller bein i brystveggen. Organ som ligg nært brystet, som mage og galleblæra, kan også forårsake smerter i brystet. Psykiske spenningar som følgje av angst, depresjon og stress kan i mange tilfelle føre til brystsmerter.
Fordi brystsmerter kan vere eit teikn på hjarteinfarkt eller andre alvorlege tilstandar som krev rask behandling, er det viktig å bli undersøkt av lege. Frå du har kontakta fastlege, legevakta eller sjukehus skal det ikkje gå lang tid før du blir undersøkt.
Når du kjem til akuttmottaket ved sjukehuset, blir du undersøkt av lege og sjukepleiar. Her tek vi også EKG (elektrokardiogram) og blodprøver. Hos somme pasientar blir det teke supplerande undersøkingar for å finne årsaka til brystsmertene, for eksempel ultralyd av hjartet eller røntgen. Det er ikkje alltid mogleg å fastslå årsaka til brystsmerter, sjølv om utgreiinga ikkje påviser alvorlege tilstandar.
Du blir anten flytta til korttids observasjonseining, ordinær observasjonseining, sengeeining eller skrive ut frå sjukehuset. Resultatet av undersøkingane og eventuell utgreiing er førande for vidare plan.
Det vidare forløpet er avhengig av årsaka til brystsmertene dine. Etter utskrivinga vil du primært bli følgt opp av fastlegen din.
Ved gjentekne episodar med brystsmerter må du kontakte fastlege, legevakt eller sjukehuset på nytt. Ved akutt, sterke og vedvarande brystsmerter ringjer du 113.
Felles akuttmottak ligg i underetasjen til Haugesund sjukehus, i nybygget mot sørvest.
Blir du transportert med ambulanse eller av portør, vil du automatisk bli registrert på akuttmottaket.
Viss du kjem sjølv, må du gå inn hovudinngangen til Haugesund sjukehus. Deretter går du forbi Narvesen-kiosken og innover gangen i nybygget. Du kan ta heis eller trapp ned til underetasjen. Du må registrere deg i ekspedisjonsluka før du kan kome inn til venteområdet på akuttmottaket.
Hovudinngangen til Haugesund sjukehus er alltid open.

Karmsundgata 120
5528 Haugesund