Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Hjernekreft

Å vere tilvist til pakkeforløp for hjernekreft betyr ikkje at ein har fått påvist sjukdommen. Det betyr at medisinsk behandlar, i dei fleste tilfelle ein lege, har mistanke om at det kan vere kreftsjukdom i hjernen. Ved mistanke om kreftsjukdom i hjernen vil du bli tilvist til spesialisthelsetenesta. Det som utløyser ein slik mistanke, kan vere symptom frå sentralnervesystemet og/eller funn ved røntgenundersøkingar av hjernen.

Det finnes flere typer hjernesvulst (tumor cerebri). Den gir ulike symptomer avhengig av størrelse, beliggenhet og hvor raskt svulsten vokser.

Les meir på helsenorge.no

Ved kreftsjukdommar i hjernen vil ein møte ulike behandlarar på fleire omsorgsnivå i helsevesenet. Mange gonger vil dei ulike fasane av behandlinga givast ved ulike avdelingar, og nokre gonger også ved ulike institusjonar.

Tilvising og vurdering

Når fastlegen har grunngitt mistanke om kreft, skal du bli tilvist direkte til eit pakkeforløp for kreft. Pakkeforløp er nemning på ei einskapleg og standardisert organisering av utgreiing, behandling, kontrollar, kommunikasjon/dialog med deg og dine pårørande, og dessutan plassering av ansvar og konkrete forløpstider.

Alle pasientar som blir tilviste til eit pakkeforløp vil bli tilknytt ein forløpskoordinator. Dette er ein person som har opplysningar om forløpet til alle pasientar som er i eit pakkeforløp, og som har oppsyn med at forløpet flyt etter tilrådde tidsfristar. Forløpskoordinatoren sørgjer for å setje opp timane du skal ha i utgreiinga.

Forløpskoordinatoren skal kunne kontaktast av deg eller dine pårørande ved praktiske spørsmål og spørsmål om kva som er neste trinn i behandlinga. Koordinatoren vil også kunne vidareformidle eller sende førespurnader vidare til den aktuelle behandlande legen ved medisinske spørsmål. Forløpskoordinatoren sikrar at dei ulike fasane i behandlingsforløpet blir starta og avslutta innan tilrådde tidsfristar.

Utredning

I løpet av dette tidsrommet blir det gjort undersøkingar av deg for å avklare om du har kreft eller ikkje.

Ved mistanke om kreft vil du undersøkjast av lege, og det blir som oftast teke MR-undersøking av hovudet. Blir det ved MR-undersøking påvist mistanke om svulst i hovudet, vil det etter eventuelle tilleggsundersøkingar vurderast operasjon eller prøvetaking. Deretter vil endeleg diagnose bli stilt.

Når utgreiinga er ferdig, vil ein vere rusta til å vedta ein behandlingsplan, som utan unødvendige forseinkingar vil starte etter utgreiinga. I nokre tilfelle vil det haste så mykje å komme i gang med behandling at ho blir starta før utgreiinga er komplett.

Om du ikkje har kreft, blir pakkeforløpet avslutta.

 
 
I nokre tilfelle vil det òg vere nødvendig med tilleggsundersøkingar som elektrofysiologiske undersøkingar (EEG), analyse av ryggmargsvæske og vevsprøve frå hjernen. I andre tilfelle kan det bli aktuelt med andre bildediagnostiske undersøkingar.
 

 

​​​Pakkeforløp heim​

Alle pasientar som får ein kreftdiagnose, blir inkludert i pakkeforløp heim for pasientar med kreft. Gjennom pakkeforløpet går vi gjennom dei individuelle behova dine for tenester og oppfølging utover sjølve kreftbehandlinga.

Pakkeforløp heim for kreft (helsenorge.no)​

Behandling

Dersom du har kreft, blir det no planlagd kva behandling som er best for deg. Avgjerd om behandlinga di blir teken i samråd med deg, vanlegvis basert på vurdering i eit tverrfagleg team-møte.

Det finst fleire moglege behandlingar. Kva som er best for deg, kan du og helsepersonell komme fram til saman. Dette blir kalla samval. Å vere med og bestemme er ein rett du har.

Samval inneber at du mottek informasjon om fordelar og ulemper ved dei ulike alternativa. Så kan du saman med helsepersonell sjå desse opp mot kvarandre, ut ifrå kva som er viktig for deg.

Her er tre spørsmål du kan stille din behandlar:

  1. ​Kva alternativ har eg?
  2. Kva fordelar og ulemper er moglege ved desse alternativa?
  3. Kor sannsynleg er det at eg vil oppleve nokre av desse?

Les meir om samval på helsenorge.no

Behandlinga består oftast av operasjon der svulsten blir fjerna, etterfølgd av strålebehandling og/eller cellegift. I nokre tilfelle består behandlinga av ein mindre operasjon for å sikre vev til analyse etterfølgd av berre strålebehandling og/eller cellegift.

Behandling av hjernekreft er i Noreg sentralisert til universitetssjukehusa. Av og til kan delar av behandlinga av praktiske grunnar givast ved lokalsjukehusa. Behandlinga av hjernekreft har fleire element med ulike formål.

Forbehandling

Svulstar i hjernen er ofte følgde av hevelse i omkringliggjande vev. Av og til er denne hevelsen så stor at det oppstår trykk inne i skallen. I slike tilfelle kan det vere nødvendig å gi medikament for å redusere denne hevelsen. Dette blir som regel gjort nokre dagar før kirurgi slik at inngrepet kan gjerast på ein tryggare måte.

Svulstretta behandling

Med dette siktar ein til behandling som er retta mot sjølve sjukdommen og har til formål å betre prognosen, forbetre livskvaliteten, eller begge deler. Den svulstretta behandlinga kan bestå av kirurgi, strålebehandling, cellegiftbehandling eller kombinasjonar av desse. Behandlinga vil vere avhengig av type svulst, allmenntilstand, utbreiing og lokalisasjon. Nokre pasientar vil få cellegift både samtidig med og etter avslutta strålebehandling.

Stråleknivbehandling (gammakniv)

Stråleknivbehandling (gammakniv) er ein type strålebehandling der mange strålar blir fokuserte på eit avgrensa område. Dette kan vere eit alternativ til strålefeltbehandling når svulsten har ein uvilkårleg nærleik til tidlegare bestrålt og/eller strålekjenslevare friske delar av hjernen.

Gammaknivbehandling er i hovudsak ei behandling som blir gitt ved tilbakefall av hjernekreft etter eit primært behandlingsforløp. Behandlinga blir gitt ved Haukeland universitetssjukehus i Bergen.

Lindrande behandling

For nokre pasientar vil det bli aktuelt med antiepileptisk behandling og lindrande behandling. Dette er behandling som ikkje påverkar prognosen, men som har til formål å fjerne eller dempe symptom frå sjukdommen. Lindrande behandling kan vere medikament mot smerter, kvalme eller medikament for å kupere epileptiske anfall. I nokre tilfelle vil også kirurgiske inngrep som ikkje er retta mot sjølve svulsten vere aktuelle, som til dømes innvendige slangesystem for å hindre for avlaste trykk i hjernen.

Antiepileptisk behandling

Epilepsi er eit vanleg og tidvis alvorleg symptom ved mange typar hjernekreft. Medikament for å førebyggje slike anfall er ofte nødvendige, og må vanlegvis brukast i lengre tid, også etter at andre delar av behandlinga er avslutta.

Oppfølging

For alle som har fått diagnosen hjernekreft, vil ei livslang oppfølging vere hovudregelen. Oppfølginga vil bestå av polikliniske konsultasjonar og biletdiagnostiske kontrollar ved ein nevrokirurgisk, nevrologisk eller onkologisk eining.

Innan det første året etter diagnose vil det vanlegvis gjerast kontrollar tre og seks månader etter at den primære behandlinga er avslutta. Hyppigheita utover dette vil vere svært avhengig av krefttype, og behandlingsrespons. Som hovudregel vil årlege kontrollar med MR-undersøking vere eit minimum.

MR-undersøkingar kan vanlegvis utførast ved lokalsjukehus, men vil granskast og vurderast ved den oppfølgjande eininga.

Av og til kan vedvarande nevrologiske forstyrringar, som motoriske og språklege problem, oppstå som følgje av hjernekreft eller som følgje av behandlinga som blir gitt. Avhengig av alvorsgrada av desse forstyrringane kan opptrening av slike funksjonar vere aktuelle, anten ved institusjon eller ved kommunale tilbod som fysioterapeut eller logoped.

Rehabilitering og meistring ved kreftsjukdom

Det finst ei rekkje tilbod som kan vere ei hjelp til å komme tilbake til kvardagen under og etter kreftsjukdom. Derfor er det viktig å tenkje rehabilitering og meistring av sjukdommen heilt frå sjukdomsstart og byrjinga av behandlinga. Målet er å kunne fungere og leve med eller etter kreftsjukdom, med så god livskvalitet som mogleg.

Ver merksam

Etter kirurgisk behandling kan nokre komplikasjonar oppstå opptil fleire veker etter behandlinga. Sårbetennelsar er viktige å fange opp, då desse i seg sjølve krev behandling. Symptom på sårbetennelse kan vere:

  • sårproblem
  • feber
  • frostanfall
  • epilepsianfall

Det kan oppstå tilbakefall av sjukdommen etter behandlinga. Dette vil vanlegvis fangast opp gjennom kontrollprogrammet. Likevel kan det nokre gonger vere aktuelt å framskunde kontrollar viss symptom skulle oppstå.

Ta kontakt med fastlegen dersom du opplever symptom som:

  • epilepsianfall
  • nevrologiske forstyrringar
Sist faglig oppdatert 25.09.2024

Kontakt

Haugesund sjukehus Nevrologisk avdeling

Kontakt Nevrologisk avdeling

Oppmøtestad

Nevrologisk sengepost

Vi held til i 5. etasje på Haugesund sjukehus. Bruk heisen ved Narvesen kiosken for å kome til oss.

Besøkstider - Helse Fonna HF

Nevrologisk poliklinikk

Vi held til i 6. etasje på Haugesund sjukehus. Bruk heisen ved Narvesen kiosken for å kome til oss.

Sjølvbetent innsjekk og betaling - Helse Fonna HF

En høy vinkel av en bygning

Haugesund sjukehus

Karmsundgata 120, 5528 Haugesund

Transport

Det er fleire busstopp like ved og i nærleiken av Haugesund sjukehus.

www.kystbussen.no - Ruteinformasjon for Kystbussen (Bergen-Stord-Haugesund-Stavanger)

www.kolumbus.no - Ruteinformasjon om lokalbussar i Rogaland

Praktisk informasjon

Parkeringshuset nord for sjukehuset er reservert pasientar og besøkande. Alle må betale for parkering. Dette gjer du på p-automatane enten med kort eller kontanter. I tillegg kan du benytte EasyPark appen.

Parkeringshuset har tre ladeuttak.

Reserverte parkeringsplassar

Reserverte plassar for HC-parkering er utanfor hovudinngangen. Hugs å legge parkeringsbeviset godt synleg i frontruta.

Det er reserverte plassar for blodgivarar og dialysepasientar på toppen av parkeringshus. Du vil få utlevert parkeringsbevis frå avdelingen dersom du har rett til å bruke dessa plassane.

Parkeringsavgift

Det er Haugesund Parkering Drift as som har oppfølging av parkeringshuset og parkeringane foran hovudinngangen. Eventuelle klager på p-avgift meldast til dei. Dette finn du også informasjon om på  p-automatane. 

Pris for å parkere på sjukehus i Helse Fonna er 25 kroner i timen. Makspris for eit døgn er 155 kroner.​

Parkering i Haugesund sentrum

Sjå P-kart - Haugesund Parkering

 

Du kan endre timen din inntil 48 timar før oppmøte. Dette kan du gjere på helsenorge.no eller ved å kontakte oss på telefon 52 73 90 00. Kontaktsenteret vårt er opent kl. 07.30 – 15.30.

helsenorge.no finner du informasjon om timen din i innkallingsbrevet.

Apoteket ligg i første etasje, like bak resepsjonen.

Opningstider:

Måndag-fredag kl. 08.00-16.30.

Mange pasientar og pårørande ønskjer å ta bilete eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Dette er sjølvsagt heilt greit, så lenge det er pasienten eller pårørande og vener det blir teke bilete av.
 
Det er ikkje lov å ta bilete av medpasientar eller tilsett ved sjukehusa. Vi har hatt fleire saker der bilete av medpasientar og tilsette har blitt publiserte på sosiale medium utan at dei har gjeve løyve om det. 

Vi håpar at du syner respekt for personvernet til alle du møter under opphaldet ved sjukehuset, og at du bare tar bilete av eigen familie og vener.​

​Kantina i  6.etasje er open for tilsette, pasientar og besøkande.

Opningstider:
Måndag - fredag kl. 09.30-15.30. Stengt helger og heilagdagar.

Pasientkantine i 4-og 5.etasje er kun open for pasientar.

Fleire av sengepostane har eigne spiserom med enkel sjølvbetening for inneliggande pasientar. Ta kontakt med di avdeling.

Det ligg ein Narvesen kiosk i 1.etasje

Opningstider:
Måndag - fredag kl. 06.30-21.00
Laurdag: 9.00-20.00
Søndag: 10.00-20.00 




​​​​​​​​​Ta med den faste medisinen du brukar. Det kan ta tid å få same medisin frå apoteket.

Dessverre kan tjuveri finne stad på sjukehuset. La ​verdisaker vere igjen heime.

Ta med behagelege klede og gode innesko som er stødige og lette å ta på. Av hygieniske grunnar er det ikkje tillate å gå barbeint på sjukehuset.

Ta med toalettsaker som tannbørste, tannkrem, kam, deodorant og eventuelt barbermaskin. ​Hugs også hjelpemiddel du er avhengig av: til dømes stokk, ​krykker, rullator og rullestol.

God hygiene er ein viktig faktor for å kunne gi god behandling til pasientane.