Utgreiing av hjartesvikt kan vere vanskeleg, men det er viktig å stille rett diagnose fordi tilstanden inneber livslang oppfølging og behandling.
For å stille diagnosen hjartesvikt må tre kriterium oppfyllast:
- Du har teikn og symptom på hjartesvikt: Tung pust, hevelsar i beina og redusert arbeidstoleranse
- Du har forhøgde nivå av ei blodprøve på hjartestress (BNP)
- Vi ser typiske funn som ved hjartesvikt, på ulike undersøkingar
- Det er haldepunkt for strukturelle eller funksjonelle forstyrringar ved avbilding av hjartet, vanlegvis med ultralyd (ekkokardiografi).
Tung pust og redusert arbeidstoleranse er også vanlege symptom ved lungesjukdommar, fedme, låg blodprosent og ei rekke andre lidingar. Ein viktig del av utgreiinga er derfor å utelukke andre tilstandar som gir desse symptoma.
Vi kan få ein mistanke om hjartesvikt ut frå sjukehistoria og kartlegging av helsa di. Deretter tar vi som oftast ein blodprøver og EKG. Vi må så ta ultralyd av hjartet for å bekrefte eller avkrefte diagnosen. Deretter følger undersøkingar med tanke på å finne årsaka til hjartesvikten.
Det finst mange årsaker til hjartesvikt. Dei vanlegaste årsakene er:
- nytt eller gammalt hjarteinfarkt
- hjartemuskelsjukdom (kardiomyopati) som kan vere genetisk fundert
- sjukdom i hjarteklaffane og langvarig høgt blodtrykk
- hjarterytmeforstyrringar
Pumpefunksjonen til hjartet minkar med alderen, og eldre menneske kan derfor ha lettgradig hjartesvikt som følge av den normale aldringsprosessen. Ei rekke tilstandar og sjukdommar som ikkje rammar hjartet direkte kan forverre eller framkalle svikt, slik som låg blodprosent, særleg høgt blodtrykk, fedme, diabetes, nyresvikt, hjarterytmeforstyrringar og stoffskiftesjukdommar.
EKG høyrer med ved mistanke om hjartesvikt. Legen ser blant anna på hjarterytme og hjartefrekvens, overleiing av elektriske impulsar og teikn på hjarteinfarkt (gammalt eller nytt). Det er sjeldan at EKG er heilt normalt ved hjartesvikt.
Blodprøver er viktige for å stille diagnose, vurdere alvorsgrad og for å følge utviklinga. Den viktigaste blodprøva er BNP eller NT-proBNP som seier noko om stress på hjartet. I tillegg bør du få ei brei utgreiing som inkluderer hemoglobin, kvite blodlekamar, blodplater, elektrolyttar, nyre- og leverfunksjonsprøver, stoffskifteprøver, langtidsblodsukker og feittstoff, inkludert kolesterol.
Dei fleste pasientar med mistenkt hjartesvikt bør undersøkast med ultralyd av hjartet, såkalla ekkokardiografi. Dette er ei undersøking som tar omtrent ein halv time. Du ligg vanlegvis på sida på ein benk mens undersøkaren bevegar ein ultralydprobe på utsida av brystet. Ved hjelp av den tar ein levande bilde som kan brukast til å vurdere størrelsen og funksjonen til hjartet.
Røntgen av brystkasse (toraks) kan gi viktig informasjon om hjartestørrelse og eventuell lungesjukdom, lungestuvning eller væskesamling.
Hjertekateterisering med kransåresundersøking, såkalla koronar angiografi, kan vere nødvendig for å avgjere om hjartesvikten kjem av tronge kransårar, og om dette i tilfelle skal behandlast.
Gangtest er ein enkel test som gir eit brukbart inntrykk av fysisk funksjonsnivå. Du går så langt du kan i 6 minutt og vi noterer avstanden du går. Ein distanse under 300 meter er uttrykk for sikkert redusert funksjon, medan unge menneske gjerne klarer over 600 meter. Testen kan kombinerast med måling av oksygenmetting. Den fell sjeldan ved hjartesvikt, medan vi oftare ser eit fall i oksygenmetting ved lungesjukdom.
Andre undersøkingar
Computertomografi (CT) og magnetisk resonansbiletdanning (MR) kan gi verdifull tilleggsinformasjon om hjartesjukdom, og blir brukt hos somme pasientar for å finne ut kva som ligg bak hjartesvikten.
Arbeidsbelasting med måling av oksygenopptak er nyttig både for diagnose, vurdering av prognose og oppfølging av pasientar med hjartesvikt. Dette blir gjort best på ergometersykkel eller tredemølle.
Høgresidig hjertekateterisering blir av og til brukt for å måle trykkforholda i hjartet og kan kombinerast med vevsprøvar (biopsi) frå hjartemuskelen for å finne ei presis årsak til hjartesvikt.
Langtidsregistrering av hjarterytmen blir gjord hos pasientar der legen mistenkjer hjarterytmeforstyrring. Du får sett på eit EKG-apparat som du kan ha i snor rundt halsen eller i beltet, og som er kopla til elektrodar på kroppen. Apparatet blir teke av etter eitt til sju døgn.