Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
Krystallsjuke (BPPV)
Krystallsjuke eller benign paroksysmal posisjonsvertigo (BPPV) er ei vanleg årsak til svimmelheit. Ved krystallsjuke løyser små partiklar («krystall») i det indre øyret og fell inn i bogegangane der dei fører til svimmelheit. Tilstanden er plagsam, men ufarleg.
Krystallsyke er en vanlig sykdom i det indre øret som kjennetegnes av at bestemte hodebevegelser utløser kortvarige anfall av svimmelhet.
Balanseorganet finst i tinningbenet på begge sider av hovudet og er ein del av det indre øyret. Organet består av tre væskefylte bogegonger, sanseceller og to sekkeforma rom i kjernen, som blir kalla otolittorganer. Balanseorganet gir hjernen beskjed om posisjonen og rørsla til hovudet.
Krystallsjuke er når kalkpartiklar losnar frå otolittorganet og kjem over i væskesystemet i bogegangane. Balanseorganet sender da feil signal inn til hjernen noko som kan gi sterk svimmelheit ved visse hovudrørsler. Mange opplever også kvalme og ustøheite.
Krystallsjuke kan oppstå i alle bogegonger, men det mest vanlege er at bakre bogegang blir ramma.
Symptom
Bogegongene har små følarar som registrerer hovudrørsler, og når dei blir forstyrra av partiklane, "blir hjernen" " lurt til å tru at hovudet dreier. Dette gir korte anfall av svimmelheit ved visse hovudrørsler. Sjukdommen er ufarleg og vanlegvis forbigåande, men tilbakefall er vanleg.
Svimmelheita kan gå over av seg sjølv, men behandling vil oftast gi raskare betring. Målet med behandlinga er å fjerne krystalla frå bogegongene slik at dei ikkje lenger framkallar svimmelheit.
Forløp ved krystallsjuke
Akuttfase
Tilstanden kan diagnostiserast ved at ein klinikar med kompetanse på svimmelheit undersøker deg med posisjonstestar og vurderer augerørslene som desse stillingane utløyser
Betring spontant eller etter behandling
Når diagnosen er bekrefta er det spesielle rørsler av hovudet, såkalla reposisjonsmanøvre som er effektive for å behandle tilstanden.
Den vanlegaste manøveren blir kalla Epleys manøver, som behandlar krystallsjuke i bakre bogegang. Viss andre bogegonger er ramma, blir andre manøvrar anbefalte.
Frisk eller moglegheit for spontane tilbakefall
Når reposisjonsmanøver er vellykka og symptoma har gått tilbake er ein frisk. Nokon får likevel nye anfall av krystallsjuke i løpet av månader eller år. Da kan det vere nyttig å bruke manøveren som hjelpte deg ved førre anfall eller ta kontakt med ein behandlar med kompetanse på svimmelheit.
Tilvising og vurdering
Både fastlegar og spesialistlegar kan tilvise deg til denne utgreiinga/behandlinga.
Beskriving av svimmelheita: Type, debut, gå, følgande symptom og utløysande faktorar.
Medisinliste
Eventuell tidlegare utgreiing, inkludert spesialistundersøkingar og bildediagnostikk.
Tidlegare sjukdommar og funksjonsnivå
Nystagmusundersøkelse, inkludert Dix-Hallpike-manøver (særleg viktig ved mistanke om BPPV).
Utgreiing
Diagnosen blir stilt ved hjelp av hovudmanøvrar som provoserer fram eit karakteristisk anfall av svimmelheit og ufrivillige augerørsler (nystagmus). Hovudmanøvrane og retninga på augerørslene gjer at ein som oftast kan seie kva øyre, og kva for ei av dei tre bogegongene, som er ramma.
Sjukdommen kan behandlast så snart diagnosen er stilt. Behandlinga består av hovudstillingsmanøvrar som har til hensikt å få krystalla på plass igjen. Det finst fleire ulike behandlingsmanøvrar som kan vere effektive. Det kan i nokre tilfelle vere behov for gjentatte behandlingar. Nokre øvingar kan enkelt gjerast heime.
Nokre få pasientar kan ha nytte av operasjon med plugging av ei av bogegongene.
Behandlingsalternativ for bakre bogegang
Epleys manøver
Start sittande med hovudet rotert 45 grader mot sjuk side
Legg deg ned på rygg med øyret på sjuk side under skulder høgde. Hald posisjonen dobbelt så lenge som varigheita av svimmelheita.
Roter hovudet 90 grader mot motsett side. Hald stillinga i 30 sek.
Drei 90 grader til. Dvs. over i sideliggande (på frisk side) med haka litt inn og panna ned i underlaget. Hald stillinga i 30 sek.
Kom opp med hovudet framleis rotert mot frisk side. Hald stillinga i 30 sek.
Gjenta dagleg, inntil symptomfridom.
Behandlingsalternativ for horisontale bogegang
Gufoni (ved geotrop nystagmus)
Start sittande med hovudet i midtstilling.
Legg deg ned på sidan med friskt øre ned. Hald posisjonen i 1 min.
Roter hovudet/ansiktet 45 grader ned mot golvet. Hald stillinga i 1-2 min.
I nokre tilfelle vil det bli avtalt kontrolltime ved øre-nase-halsavdelinga eller vidare oppfølging av tilvisande lege. Blir du ikkje kvitt plagene, kan du ta kontakt med fastlegen din igjen.
Trass i behandling kan det på eit seinare tidspunkt førekomme tilbakefall av krystallsjuken. Du kan da trenge ei ny behandling.
Det finst spesialisert rehabiliteringstilbod for personar med svimmelheit og balanseutfordringar knytte til det indre øyret. Viss svimmelheitsplagene hindrar deg i å komme tilbake til normal aktivitet i kvardagen eller jobb kan eit slikt rehabiliteringstilbod vere nyttig for deg. Du må vere utgreidd ved ØNH lege eller annan legespesialist for å søke, men fastlegen din kan vise til dette gjennom regional koordinerande eining (RKE).
Aktivitet og rørsle er det viktigaste for å unngå langvarig svimmelheit!
Haugesund: ØNH-avdelinga og høyrselsentralen held til i 1. etasje ved Haugesund sjukehus. Bruk hovudinngangen og gå forbi resepsjonen og sjukehusapoteket. Du finn oss i enden av korridoren.
Stord: Høyrselsentralen ligg i 1. etasje i den kvite bygningen ved sida av hovudbygget til Stord sjukehus.
Odda: ØNH-poliklinikken ligg i 1. etasje på Odda sjukehus. Poliklinikken har eige venterom.
Ved tilpassing av høyreapparat, anbefaler vi at pasienten har med seg følge/pårørande.