Diagnose

Livmorkreft

Livmorkreft er kreftsjukdom som har starta i sjølve livmora, og må ikkje forvekslast med kreft i livmorhalsen. Dei fleste kvinner som blir ramma av livmorkreft er over 60 år. Hos mange kvinner blir sjukdommen oppdaga tidleg. Det gir gode moglegheiter for å bli frisk. Livmorkreft blir primært behandla med operasjon.

Livmorkreft oppstår oftest hos kvinner som har passert overgangsalderen. Livmorkreft må ikke forveksles med livmorhalskreft.

Les meir på helsenorge.no

Pakkeforløp for kreft er ei nemning for eit forløp lagt til rette for ulike typar kreftsjukdommar. Føremålet er å sikre at undersøkingar og behandling blir sett i gang så raskt som mogleg.

Tilvising og vurdering

Når fastlegen har grunn til mistanke om kreft skal du bli tilvist direkte til eit pakkeforløp for kreft. Eit pakkeforløp er eit standardisert pasientforløp som beskriv organiseringa av utgreiing og behandling, kommunikasjon/dialog med deg og dine pårørande, samt ansvarsplassering og konkrete forløpstider.

Pasientinformasjon om pakkeforløp, Helsedirektoratet

Forløpskoordinatoren sørgjer for å setje opp timane du skal ha i utgreiinga.

Utgreiing

I løpet av dette tidsrommet blir det gjort undersøkingar av deg for å avklare om du har kreft eller ikkje.

Kva undersøkingar som blir gjort vil variere, og vere avhengig av kva undersøkingar som er utført før du kjem til vidare utgreiing. Det blir ofte tatt blodprøver og røntgenundersøkingar som ledd i utgreiinga. Svar på vevsprøve vil gje endeleg diagnose.

Når resultata frå undersøkingane og prøvene er klare, vil det som oftast kunne avklarast om du har kreft eller ikkje. Avgjerd om diagnose blir tatt. Har du ikkje kreft, blir pakkeforløpet avslutta.

Pasientinformasjon - Utgreiing ved mistanke om livmorkreft, Helsedirektoratet

Vel livmorkreft i oversikta.

I enkelte tilfelle vil det også vere nødvendig å gjere ei PET-CT undersøking, ei bildeundersøking med sporstoff.

 

Kartlegging av annan sjukdom som får betyding for gjennomføring av behandling. Det kan for eksempel vere undersøking av hjarte / lungefunksjon.

For nokre kvinner vil undersøkingane avkrefte mistanke om kreft.



​​​Pakkeforløp heim​

Alle pasientar som får ein kreftdiagnose, blir inkludert i Pakkeforløp heim for pasientar med kreft. Gjennom pakkeforløpet skal du som pasient få avdekt dine individuelle behov for tenester og oppfølging utover sjølve kreftbehandlinga.

Les meir på helsenorge.no:

Pakkeforløp heim for kreft (helsenorge.no)​





Behandling

Om du har kreft, planleggjast kva behandling som er best for deg. Avgjerda om di behandling blir tatt i samråd med deg, vanlegvis basert på vurdering i eit tverrfagleg team-møte.

For pasientar med livmorkreft vil som regel behandlinga vere operasjon, cellegift eller strålebehandling, entan åleine eller i kombinasjon.

Den vanlegaste behandlingsforma for livmorkreft er operasjon. Både livmora, eggstokkane og eggleiarane blir fjerna. Ofte fjernar ein også lymfeknutar i bekkenet. Operasjon ved livmorkreft kan skje enten ved open kirurgi eller ved robotassistert kikholskirurgi.

 

Etter operasjonen blir det som er fjerna undersøkt. Om denne undersøkinga viser at du tilhøyrer ei lavrisikogruppe, vil du vanlegvis ikkje ha behov for meir behandling. Dersom kreftcellene er meir aggressive, eller svulsten har vakse meir enn halvvegs inn i livmorveggen, tilhøyrer du høgrisikogruppa. Det same gjeld om sjukdommen har spreidd seg utanfor livmora di. Er du i denne gruppa, vil du som oftast få tilbod om cellegiftbehandling etter operasjonen.

Oppfølging

Kontrollar etter behandling:

  • Dei første 2 åra: Kontroll kvar 3. månad
  • Frå 3. til og med 5. året: Kontroll kvar 6. månad
  • Etter 5 år: Kontroll årleg

Kontrollen hos legen går vanlegvis ut på:

  • Samtale med legen
  • Generell undersøking med fokus på mage- og lymfeknutestasjonar
  • Gynekologisk undersøking
  • Ved mistanke om tilbakefall bestiller legen gjerne CT-undersøking eller gjer yttarlegare utgreiing der det blir funne nødvendig. Det kan også vere aktuelt å ta vevsprøve dersom dette er mogleg.

Rehabilitering og meistring ved kreftsjukdom

Det finst ei rekkje tilbod som kan vere til hjelp for å kome tilbake til kvardagen under og etter kreftsjukdom. Derfor er det viktig å tenkje rehabilitering og meistring av sjukdommen heilt frå sjukdomsstart og begynnelsen av behandlinga. Målet er å kunne fungere og leve med eller etter kreftsjukdom, med so god livskvalitet som mogleg.


Kontakt

Haugesund sjukehus Gynekologisk sengepost

Kontakt Gynekologisk sengepost

Oppmøtestad

Oppmøtested gynekologisk sengeposter i 3.etg i nybygget Sydvest. Vi held til sammen med fødeavdelinga.

Flyfoto av en by

Haugesund sjukehus

Karmsundgata 120, 5528 Haugesund

Transport

Det er fleire busstopp like ved og i nærleiken av Haugesund sjukehus.

www.kystbussen.no - Ruteinformasjon for Kystbussen (Bergen-Stord-Haugesund-Stavanger)

www.kolumbus.no - Ruteinformasjon om lokalbussar i Rogaland

Praktisk informasjon

Apoteket ligg i første etasje, like bak resepsjonen.

Opningstider:

Måndag-fredag kl. 08.00-16.30.

Mange pasientar og pårørande ønskjer å ta bilete eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Dette er sjølvsagt heilt greit, så lenge det er pasienten eller pårørande og vener det blir teke bilete av.
 
Det er ikkje lov å ta bilete av medpasientar eller tilsett ved sjukehusa. Vi har hatt fleire saker der bilete av medpasientar og tilsette har blitt publiserte på sosiale medium utan at dei har gjeve løyve om det. 

Vi håpar at du syner respekt for personvernet til alle du møter under opphaldet ved sjukehuset, og at du bare tar bilete av eigen familie og vener.​

​Kantina i  6.etasje er open for tilsette, pasientar og besøkande.

Opningstider:
Måndag - fredag kl. 09.30-15.30. Stengt helger og heilagdagar.

Pasientkantine i 4-og 5.etasje er kun open for pasientar.

Fleire av sengepostane har eigne spiserom med enkel sjølvbetening for inneliggande pasientar. Ta kontakt med di avdeling.

Det ligg ein Narvesen kiosk i 1.etasje

Opningstider:
Måndag - fredag kl. 06.30-21.00
Laurdag: 9.00-20.00
Søndag: 10.00-20.00 




​​​​​​​​​Ta med den faste medisinen du brukar. Det kan ta tid å få same medisin frå apoteket.

Diverre hender det at tjuveri finn stad på sjukehuset. La ​verdisaker vere igjen heime.

Ta med behagelege klede.

Gode innesko som er stødige og lette å ta på. Av hygieniske grunnar er det ikkje tillate å gå barbeint på sjukehuset.

Toalettsaker som tannbørste, tannkrem, kam, deodorant og eventuelt barbermaskin. ​Hjelpemiddel du er avhengig av: til dømes stokk, ​krykker, rullator og rullestol.

God hygiene ein viktig faktor for å kunne gje god behandling til pasientane.

​Det er ikkje minibank ved sjukehuset. Narvesen i første etasje har bankterminal med moglegheit for uttak av pengar ved kjøp. Det er bank og minibank i Haugesund sentrum.

Parkeringshuset nord for sjukehuset er reservert pasientar og besøkande. Alle må betale for parkering. Dette gjer du på p-automatane enten med kort eller kontanter. I tillegg kan du benytte EasyPark appen.

Parkeringshuset har 3 ladeuttak.

Reserverte plassar for HC-parkering er utanfor hovudinngangen. Hugs å legge parkeringsbeviset godt synleg i frontruta.

Det er reserverte plassar for blodgivarar og dialysepasientar utanfor inngang C som ligg ut mot Karmsundsgata. Du vil få utlevert parkeringsbevis frå avdelingen dersom du har rett til å bruke dessa plassane.

Det er Haugesund Parkering Drift as som har oppfølging av parkeringshuset og parkeringane foran hovudinngangen. Eventuelle klager på p-avgift meldast til dei. Dette finn du også informasjon om på  p-automatane. 

Pris for å parkere på sjukehus i Helse Fonna er 25 kroner i timen. Makspris for eit døgn er 155 kroner.​