For å sannsynleggjere diagnosen må ein gjere ein grundig gjennomgang av pasienten sin sjukehistorie, klinisk undersøking, blodprøvar og andre testar. Utgreiinga skal også utelukke andre alvorlege tilstandar og infeksjonssjukdommar som kan gi blodforgifting (sepsis) og/eller råke organ som mage/tarmkanal, hjarte, og lunger. Fleire revmatiske tilstandar kan også ha liknande symptombilde og skal utelukkast. På sjukehuset undersøker vi mogleg påverknad av ulike organ, og det kan vere aktuelt med mellom anna ultralyd av hjarte og mage, røntgen/CT av lunger, EKG, EEG og spinalpunksjon.
Multiorgan inflammatorisk syndrom hos barn og ungdom etter SARS-CoV-2-infeksjon
Multiorgan inflammatorisk syndrom (MIS-C) er ein sjeldan betennelsessjukdom som kan oppstå etter Covid-19 hos barn og ungdom. Pasientane kan raskt bli alvorleg sjuke, med høg feber, symptom frå fleire organsystem, og sirkulasjonssvikt. Utfallet av sjukdomen etter behandling er god.
Symptom
Barn med covid-19 har som regel milde symptom. Ein sjeldan gong kan barn og ungdom bli ramma av ein potensielt alvorleg tilstand 2–6 veker etter dei var smitta med koronaviruset SARS-CoV-2. Sjukdomen er ein betennelsestilstand som råkar fleire organ, oftast mage-tarmkanal, hjarte, hud og slimhinner. Pasienten treng ikkje å ha hatt nokre symptom i samband med den akutte infeksjonen med koronaviruset. Dei fleste pasientar med syndromet treng observasjon og behandling på sjukehus. Tilstanden kan forverre seg raskt, og tilvising til avdeling med kompetanse på intensivbehandling av barn er derfor viktig.
Utredning
Behandling
Oppfølging
Kontakt
Haugesund sjukehus
Barne- og ungdomsavdelinga
Oppmøtestad
Vår avdeling med sengepost og poliklinikk ligg i 3. etasje. Ta trappene eller heisen ved Narvesen. Du kjem rett til avdelinga når du går ut i 3. etasje.
Besøkstider
- I dag 17:00 - 18:30

Haugesund sjukehus
Karmsundgata 120, 5528 Haugesund