Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Diagnose

Spinal stenose

Spinal stenose skyldast trong ryggmargskanal eller spinalkanal. Ofte er det forårsaka av forkalkingar i ledd (spondylose), dette kallast alderdoms- eller degenerative forandringar. Gjennomsnittsalderen for pasientar med spinal stenose er 65 år.

Forkalkinga førar til at spinalkanalen blir for trong og det blir dårleg plass for ryggmarg og/eller nerverøter. Trongheten i ryggen kjem av tiltjukningar av leddband, forkalkingar på skivekantar, og gradvis degenerative forandringar i mellomvirvelskiver og fasettledd.

Spinal stenose betyr "trong ryggmargskanal", det vil sei at det er for dårlig plass for ryggmarg og nervar. Ein veit ikkje med sikkerheit kvifor den enkelte får spinal stenose i ryggen. Fleire faktorar kan vere av betyding. Arveleg disponering er sannsynleg den viktigaste enkeltfaktor.

Spinal stenose gir som regel plager ut i beina som av smerter, kjenslelause og delvis kraftsvikt. Plagene er som regel verst ved belastning når ein står eller går. Det er disse plagene ein vil redusere ved operasjon for spinal stenose. Mange pasientar med spinal stenose har også ryggsmerter, men disse smertene vil ofte ikkje vere påvirka av operativ behandling.  



  • Generelt:  Arbeidsstatus, andre sjukdomar, medikament eller andre stimulantia (midler som auka funksjon eller aktivitet til eit av kroppens system).
  • Sjukehistorie: Varighet av symptom, smertelokalisasjon (rygg + utstråling) og grad av smerter. Funksjonsnivå inkludert gangdistanse, pareser (delvis eller ufullstendig lamming.).
  • Klinisk status: Nevrologisk status,  perifer sirkulasjon.
  • Andre undersøkingar: MR- funn, når og kvar MR er tatt.


Utredning

Legen sett diagnose på bakgrunn av sjukehistorie og fysisk undersøking av deg. Ved mistanke om spinal stenose blir det tatt ei MR undersøking (magnetisk resonans).




Behandling

Operasjon

Spinal stenose kan gi ulike plager/symptom. Typisk er smerte i rygg og i beina, verst når man står og går og ofte betre når ein bøyer seg framover.
Operasjonen har til hensikt å lage betre plass i ryggmargskanalen og dermed redusera plager.




Mens du ventar på operasjon

Det anbefalast ofte at du skal vere aktiv. Sjølv om du har ein del smerte. Gjer kvardagsaktivitet og det arbeid du klarar. Sjukmelding kan vere eit alternativ, men det må du snakke med fastlegen din om. 

Ofte kan plagene lindrast med reseptfri medisin. Dei bør brukast med gjevne mellomrom (3-4 gonger i døgnet). Trenger du sterkare smertelindring må du snakke med fastlegen din. 

Dersom du brukar blodfortynnande medisin som for eksempel Marevan, Albyl-E, Plavix  og lignande, må du avklare med kirurgen og/ eller din fastlege om du skal slutte med dei midlertidleg før operasjonen. Det er viktig at dette er avklart i samråd med din lege minst ei veke før operasjonsdagen.

Dersom du opplev betring mens du ventar på operasjon, bør du ta kontakt. Nokon gonger forsvinn smerten ved " at kroppen leger seg sjølv", då er det  sjeldan behov for operativ behandling.

Praktisk informasjon

Vi anbefaler røykeslutt både før og etter operasjon. Røyking hemmar blodsirkulasjonen og aukar og risikoen for blodpropp og luftvegskomplikasjonar i forbindelse med narkosen.

Vi anbefaler at pasientar som opererast i narkose sluttar med P-pillene seinast 14 dagar før operasjonen. 

Du bør vere heilt frisk når du skal opererast. Forkjøling gjer at operasjonen normalt bør utsettast. Spesielt gjeld dette dersom du har feber og hoste. 

Før operasjonen skal du  faste. Det betyr at du ikkje skal ete eller drikke frå midnatt kvelden før operasjonsdagen. Du skal heller ikkje brukerøyk,snus, drops eller tyggegummi. Du kan ikkje ha på deg smykkar, ringer eller pirringar under operasjonen.  

Det nyttast som regel ein mikrokirurgisk teknikk der ein opererer gjennom eit ca 4-5 cm hudsnitt på ryggen. Under operasjonen utvidast ryggmargskanalen sentralt ved at virvelbuen fjernast heilt eller delvis. Nokre gonger må dette gjerast på fleire nivå, noko som krev eit større snitt i huda. Sidehola i virvelsøyla blir også utvida for å skaffe betre plass til nervane som går ned til beina. Av og til må også forkalka prolaps fjernast. Operasjonstida varierer men er vanlegvis ca 1-2 timar. Dersom ein ikkje kan bruke mikrokirurgi blir det brukt vanleg open teknikk med større snitt i huda.

Du kan stå opp same dag som du blir operert. Det er viktig at du kjem i gong så snart som mogleg. Fysioterapeut og sjukepleiar ved avdelinga vil rettleia deg i forhold til dette. Dei fleste av pasientane kan reise heim dagen etter operasjonen eller i nokre tilfelle same dag. 

Ingen operasjon er risikofri. Blødingar og skade på nervar er sjeldne komplikasjonar, men kan førekome. Det brukast som regel mikroskop under operasjonen for å minske risikoen. Infeksjon i sår kan førekome. Inngrepet blir gjort i narkose noko som også representera ein liten risiko.


Oppfølging

Instrukser om oppfølging, kontroll og aktivitet får du av kirurg og fysioterapeut ved heimreise. Sjølv om alt fungera bra er det viktig at du held deg roleg dei første dagane. Dersom du blir akutt uvel eller svimmel er det viktig at du legg deg flatt ned og helst legg beina høgt.

Generelt vil det vere lurt å vere litt tilbakehalden med  ete det første døgnet etter at du kjem heim. Mange opplev at dei lett kan bli  kvalm. Men pass på å få i deg nok væske. Du kan gjerne starte med noko lettfordøyelig mat.

Smertereaksjon

Dei fleste vil få ein betring av smert etter operasjonen. Hos nokon kan det ta nokre veker med avtakande smerter. Det er normalt å kjenne stivhet og smerte i sår nedst i ryggen den første tida etter operasjonen. Denne reaksjonen er svært individuell. Smerten er som regel verst det første døgnet. Deretter blir
det normalt ein gradvis betring.

Dersom du har vert nomen eller plaga av lammingar før operasjon kan desse plagene helde fram i fleire månadar og år. Instrukser om smertelindring vil bli gitt av den som operera deg før du reiser heim.

Feber

Etter inngrepet kan du få ein lett feberreaksjon med temperatur opp til 38-38.5 grader. Etter to dagar er vanlegvis temperaturen normal igjen. Blir temperaturen høgare eller ikkje normaliserer seg kan du ta kontakt med din fastlege eller legevakt.
Betennelse

Det er uvanleg at det blir betennelse i operasjonssåret. Du bør likevel vere på merksam på aukande smerter frå operasjonssåret eller stigande feber etter operasjonen.



  • Stinga fjernar du hos fastlegen 10-12 dagar etter operasjonen.
  • Du kan dusje etter 3-4 dagar. Skift alltid til tørr bandasje. Vent med å bade til etter stinga er fjerna.
  • Dei fleste trenge 4-8 veker sjukmelding etter ein ryggoperasjon.
  • Dersom du skal inn til kontroll avtalast dette med kirurgen før du reiser heim. Mange kan følges opp av sin fastlege, andre treng kontroll på poliklinikken 8-12 veker etter operasjonen.

Ver merksam

Når bør du oppsøke hjelp?

  • Når sjukdomsbildet ditt forandrar seg og du føler deg utrygg på kva det kan vere.
  • Smertene er sterke og smertestillande tablettar eller avlastning av ryggen ikkje er nok. Smerter i seg sjølv er ikkje farleg og sjeldan uttrykk for noko alvorleg.
  • Du merkar aukane problem med nedsatt muskelkraft.
  • Du får problem med vasslating eller blir nomen i skrittet (det kan skyldast ein stor prolaps og må opererast relativt raskt).
Opplev du noko av desse symptoma, må du ta kontakt med din fastlege eller legevakt.



Kontakt

Haugesund sjukehus Ortopedi, Haugesund

Kontakt Ortopedi, Haugesund

Oppmøtestad

1. etasje
Flyfoto av en by

Haugesund sjukehus

Karmsundgata 120, 5528 Haugesund

Transport

Det er fleire busstopp like ved og i nærleiken av Haugesund sjukehus.

www.kystbussen.no - Ruteinformasjon for Kystbussen (Bergen-Stord-Haugesund-Stavanger)

www.kolumbus.no - Ruteinformasjon om lokalbussar i Rogaland

Praktisk informasjon

Apoteket ligg i første etasje, like bak resepsjonen.

Opningstider:

Måndag-fredag kl. 08.00-16.30.

Mange pasientar og pårørande ønskjer å ta bilete eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Dette er sjølvsagt heilt greit, så lenge det er pasienten eller pårørande og vener det blir teke bilete av.
 
Det er ikkje lov å ta bilete av medpasientar eller tilsett ved sjukehusa. Vi har hatt fleire saker der bilete av medpasientar og tilsette har blitt publiserte på sosiale medium utan at dei har gjeve løyve om det. 

Vi håpar at du syner respekt for personvernet til alle du møter under opphaldet ved sjukehuset, og at du bare tar bilete av eigen familie og vener.​

​Kantina i  6.etasje er open for tilsette, pasientar og besøkande.

Opningstider:
Måndag - fredag kl. 09.30-15.30. Stengt helger og heilagdagar.

Pasientkantine i 4-og 5.etasje er kun open for pasientar.

Fleire av sengepostane har eigne spiserom med enkel sjølvbetening for inneliggande pasientar. Ta kontakt med di avdeling.

Det ligg ein Narvesen kiosk i 1.etasje

Opningstider:
Måndag - fredag kl. 06.30-21.00
Laurdag: 9.00-20.00
Søndag: 10.00-20.00 




​​​​​​​​​Ta med den faste medisinen du brukar. Det kan ta tid å få same medisin frå apoteket.

Diverre hender det at tjuveri finn stad på sjukehuset. La ​verdisaker vere igjen heime.

Ta med behagelege klede.

Gode innesko som er stødige og lette å ta på. Av hygieniske grunnar er det ikkje tillate å gå barbeint på sjukehuset.

Toalettsaker som tannbørste, tannkrem, kam, deodorant og eventuelt barbermaskin. ​Hjelpemiddel du er avhengig av: til dømes stokk, ​krykker, rullator og rullestol.

God hygiene ein viktig faktor for å kunne gje god behandling til pasientane.

​Det er ikkje minibank ved sjukehuset. Narvesen i første etasje har bankterminal med moglegheit for uttak av pengar ved kjøp. Det er bank og minibank i Haugesund sentrum.

Parkeringshuset nord for sjukehuset er reservert pasientar og besøkande. Alle må betale for parkering. Dette gjer du på p-automatane enten med kort eller kontanter. I tillegg kan du benytte EasyPark appen.

Parkeringshuset har 3 ladeuttak.

Reserverte plassar for HC-parkering er utanfor hovudinngangen. Hugs å legge parkeringsbeviset godt synleg i frontruta.

Det er reserverte plassar for blodgivarar og dialysepasientar utanfor inngang C som ligg ut mot Karmsundsgata. Du vil få utlevert parkeringsbevis frå avdelingen dersom du har rett til å bruke dessa plassane.

Det er Haugesund Parkering Drift as som har oppfølging av parkeringshuset og parkeringane foran hovudinngangen. Eventuelle klager på p-avgift meldast til dei. Dette finn du også informasjon om på  p-automatane. 

Pris for å parkere på sjukehus i Helse Fonna er 25 kroner i timen. Makspris for eit døgn er 155 kroner.​