Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Tjukk- og endetarmskreft

Tarmkreft er vondarta svulst i tjukk- eller endetarmen. Sjukdommen blir til vanleg behandla med operasjon. Dersom sjukdommen har spreidd seg vil gjerne cellegift, saman med strålebehandling, vere aktuelt som behandling i tillegg.

Tarmkreft (kolorektal kreft) er et samlebegrep for kreft i tykktarm og endetarm.

Les meir på helsenorge.no

Tilvising og vurdering

Når fastlegen har begrunna mistanke om kreft skal du bli tilvist direkte til eit pakkeforløp for kreft. Eit pakkeforløp er eit standardisert pasientforløp som skildrar organiseringa av utgreiing og behandling, kommunikasjon/dialog med deg og dine pårørande, i tillegg til plassering av ansvar og konkrete tider i forløpet.

Pasientinformasjon om pakkeforløp (helsedirektoratet.no)

Forløpskoordinatoren sørgjer for å setje opp timane du skal ha i utgreiinga.

Utredning

I løpet av utgreiinga blir det gjort ulike undersøkingar og teke prøvar for å avklare om du har kreft eller ikkje. Kva type undersøkingar som er aktuelle varierer frå person til person, men dei fleste gjennomgår koloskopi (undersøking av tarmen ved hjelp av eit skop, som er eit bøyeleg røyr med lys/kamera i enden).

Ved koloskopi tek vi ein prøve av vevet. Vi tek også ei rekkje blodprøver. Ved kreft i endetarmen blir det gjort ei MR-undersøking. Du blir informert undervegs om kva undersøkingar som er nødvendige i ditt tilfelle.

Når resultata frå undersøkingane og prøvene er klare, vil vi som oftast kunne avklare om du har kreft eller ikkje, og i så fall kva type, og om det er spreiing eller ikkje. Dersom du ikkje har kreft, avsluttar vi pakkeforløpet.

 

 

​​​Pakkeforløp heim​

Alle pasientar som får ein kreftdiagnose, blir inkludert i pakkeforløp heim for pasientar med kreft. Gjennom pakkeforløpet går vi gjennom dei individuelle behova dine for tenester og oppfølging utover sjølve kreftbehandlinga.

Pakkeforløp heim for kreft (helsenorge.no)​

Behandling

Dersom du har kreft, planlegg vi kva behandling som er best for deg. Avgjerd om behandlinga tek vi i samråd med deg, vanlegvis basert på vurdering frå eit team med ulike spesialistar på sjukehuset (tverrfagleg team).

Det finst fleire moglege behandlingar. Kva for ein som er best for deg kan du og helsepersonell kome fram til saman. Dette blir kalla samval. Å vere med og bestemme er ein rett du har.

Samval inneber at du mottek informasjon om fordelar og ulemper ved dei ulike alternativa. Så kan du saman med helsepersonell sjå desse opp mot kvarandre, ut ifrå kva som er viktig for deg.

Her er tre spørsmål du kan stille din behandlar:

  1. ​Kva alternativ har eg?
  2. Kva fordelar og ulemper er moglege ved desse alternativa?
  3. Kor sannsynleg er det at eg vil oppleve nokre av desse?

Les meir om samval på helsenorge.no

Den primære behandlinga ved kreft i tjukktarmen og kreft i endetarmen, er kirurgi.

Av og til kan det vere aktuelt med behandlingar i tillegg før og/eller etter operasjonen ved begge desse kreftformene.

Kombinert stråle- og cellegiftbehandling før operasjon

Av og til er svulsten stor og vanskeleg å operere. Då kan en kombinert behandling med cellegift og strålebehandling krympe svulsten, slik at kirurgi blir enklare og sikrare for eit godt resultat.

Kreft i endetarmen – leggje tarmen tilbake

Dersom delar av tarmen må fjernast, er det i somme tilfelle nødvendig å leggje tynntarmen ut på magen (stomi). Dette er ofte berre midlertidig, og han kan leggjast tilbake med kirurgi etter 8 – 15 veker.

Lindrande behandling

Ved kreft som har kome langt og der sjukdommen ikkje kan heilast, finst det no ei rekkje moglegheiter til livsforlengjande behandling, og dessutan betre førebygging av symptom. Mange kan leve bra i lang tid med kreft som har spreidd seg.

Oppfølging

Innan 4 veker etter utskriving blir du kalla inn til samtale med kirurg, dersom ikkje anna blir bestemt. Ved kontrollen får du svar på prøvene som er tekne av vevet under operasjonen. Dersom du treng tilleggsbehandling med cellegift (ofte i 3 til 6 månadar), vil du bli vist til kreftavdelinga for vurdering. Der blir vidare opplegg for kontroll avtalt.

Når du er ferdig behandla på kirurgisk avdeling, eller på kreftavdelinga dersom det er aktuelt for deg, skal ansvaret for behandlinga overførast til fastlegen din. Dette bør skje så tydeleg som mogleg. Fastlegen må få god informasjon om endeleg diagnose etter avslutta behandling på sjukehuset og kva kontrollane inneber. Du må sjølv sørgje for å bestille time hos fastlegen din. Ta også kontakt med fastlegen dersom du er bekymra for at kreften har kome tilbake. Dei aller fleste skal gå til kontroll hos fastlege i fem år. Dersom du er over 80 år eller risikoen for tilbakefall er svært liten, er det ikkje alltid at vi tilrår rutinemessig oppfølging.

Første kontroll er 3-4 veker etter operasjon, hos kirurg. Vidare kontrollar er hos fastlege kvar 6. månad i 3 år etter operasjonen, deretter årleg kontroll til det har gått 5 år. Koloskopi (undersøking av heile tjukktarmen) blir gjord 5 år etter operasjonen. Du må sjølv bestille time hos fastlegen din. Dersom det er uavklarte funn på CT-undersøking eller blodprøve, vil fastlegen vise deg til ekstra poliklinisk vurdering hos kirurg. Dette bør han/ho også gjere dersom du har vedvarande plager med endetarm-, blære- eller seksualfunksjon.

  • Kontroll etter 3-4 veker: Du blir kalla inn til poliklinikken. Her får du samtale med kirurg og svar på prøver i vevet, og dessutan ønskjer vi å høyre korleis du har det. Du skal også ta ein blodprøve (CEA). Det blir vurdert om det også er mogleg å gi behandling med cellegift i tillegg.
  • Kontroll etter 3-6 månadar: Dersom du i tillegg har fått behandling med cellegift vil du etter dette få ein avsluttande kontroll på sjukehuset. Du får samtale med kreftlege.
  • Kontroll etter 6 månadar: Du skal ta ein ny blodprøve (CEA) på legekontoret.
  • Kontroll etter 1 år: Du bestiller time hos fastlegen din. Fastlegen skal bestille CT-undersøking av lungene, levra og magen. Du skal ta ny blodprøve (CEA).
  • Kontroll etter 1 ½ år: Du bestiller time hos fastlegen din. Du skal ta ny blodprøve (CEA).
  • Kontroll etter 2 år: Du bestiller time hos  fastlegen din. Fastlegen skal bestille CT-undersøking av   lungene, levra og magen. Du skal ta ny blodprøve (CEA).
  • Kontroll etter 2 ½ år: Du bestiller time hos fastlegen. Du skal ta ny blodprøve (CEA).
  • Kontroll etter 3 år: Du bestiller time hos  fastlegen din. Fastlegen skal bestille CT-undersøking av lungene, levra og magen. Du skal ta ny blodprøve (CEA).
  • Kontroll etter 5 år: Du bestiller time hos fastlegen din. Fastlegen tilviser til koloskopi. Du skal ta ny blodprøve (CEA).

 

Første kontroll er 3-4 veker etter operasjon, hos kirurg. Vidare kontrollar er kvar 6. månad i 3 år etter operasjonen, deretter årleg kontroll til det har gått 5 år. Koloskopi (undersøking av heile tjukktarmen) blir gjord 5 år etter operasjonen. Du må sjølv bestille time hos fastlegen din. Dersom det er uavklarte funn på CT-undersøking, eller blodprøve, vil fastlegen vise deg til ekstra poliklinisk vurdering hos kirurg. Dette bør han/ho også gjere dersom du har vedvarande plager med endetarm-, blære- eller seksualfunksjon.

  • Kontroll etter 3-4 veker: Du får innkalling til poliklinikken for å snakke med kirurgen. Der ønskjer vi å høyre korleis du har det etter operasjonen. Du vil få svar på prøver tekne av vevet. Du skal også ta ein blodprøve (CEA).
  • Kontroll etter 3-6 månadar: Du blir kalla inn til poliklinikken. Der får du igjen samtale med kirurg, i tillegg til ei klinisk undersøking med vekt på tarmfunksjon etter operasjonen.
  • Kontroll etter 6 månadar: Du skal ta ein ny blodprøve (CEA) på legekontoret.
  • Kontroll etter 1 år: Du bestiller time hos fastlegen din. Fastlegen skal bestille CT røntgen av lungene, levra, magen og bekkenet. Du skal ta ny blodprøve (CEA).
  • Kontroll etter 1 ½ år: Du bestiller time hos fastlegen din. Du skal ta ny blodprøve (CEA) .
  • Kontroll etter 2 år: Du bestiller time hos fastlegen. Fastlegen skal bestille CT-undersøking av lungene, levra, magen og bekkenet. Du skal ta ny blodprøve (CEA).
  • Kontroll etter 2 ½ år: Du bestiller time hos fastlegen din. Du skal ta ny blodprøve (CEA).
  • Kontroll etter 3 år: Du bestiller time hos fastlegen din. Fastlegen skal bestille CT røntgen av lungene, levra, magen og bekkenet. Du skal ta ny blodprøve (CEA).
  • Kontroll etter 5 år: Du bestiller time hos fastlegen din. Fastlegen tilviser til koloskopi. Du skal ta ny blodprøve (CEA).

 

Ver merksam

Ved eitt av desse symptoma skal du kontakte legevakta eller ringje 113:

  1. oppkast
  2. forstopping
  3. høg feber
  4. sterke magesmerter
Sist faglig oppdatert 06.01.2023

Kontakt

Haugesund sjukehus Gastrokirurgisk avdeling

Kontakt Gastrokirurgisk avdeling

Oppmøtestad

Gastrokirurgisk poliklinikk hald til i 1. etasje på Haugesund sjukehus.

En høy vinkel av en bygning

Haugesund sjukehus

Karmsundgata 120, 5528 Haugesund

Transport

Det er fleire busstopp like ved og i nærleiken av Haugesund sjukehus.

www.kystbussen.no - Ruteinformasjon for Kystbussen (Bergen-Stord-Haugesund-Stavanger)

www.kolumbus.no - Ruteinformasjon om lokalbussar i Rogaland

Praktisk informasjon

Parkeringshuset nord for sjukehuset er reservert pasientar og besøkande. Alle må betale for parkering. Dette gjer du på p-automatane enten med kort eller kontanter. I tillegg kan du benytte EasyPark appen.

Parkeringshuset har tre ladeuttak.

Reserverte parkeringsplassar

Reserverte plassar for HC-parkering er utanfor hovudinngangen. Hugs å legge parkeringsbeviset godt synleg i frontruta.

Det er reserverte plassar for blodgivarar og dialysepasientar på toppen av parkeringshus. Du vil få utlevert parkeringsbevis frå avdelingen dersom du har rett til å bruke dessa plassane.

Parkeringsavgift

Det er Haugesund Parkering Drift as som har oppfølging av parkeringshuset og parkeringane foran hovudinngangen. Eventuelle klager på p-avgift meldast til dei. Dette finn du også informasjon om på  p-automatane. 

Pris for å parkere på sjukehus i Helse Fonna er 25 kroner i timen. Makspris for eit døgn er 155 kroner.​

Parkering i Haugesund sentrum

Sjå P-kart - Haugesund Parkering

 

Du kan endre timen din inntil 48 timar før oppmøte. Dette kan du gjere på helsenorge.no eller ved å kontakte oss på telefon 52 73 90 00. Kontaktsenteret vårt er opent kl. 07.30 – 15.30.

helsenorge.no finner du informasjon om timen din i innkallingsbrevet.

Apoteket ligg i første etasje, like bak resepsjonen.

Opningstider:

Måndag-fredag kl. 08.00-16.30.

Mange pasientar og pårørande ønskjer å ta bilete eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Dette er sjølvsagt heilt greit, så lenge det er pasienten eller pårørande og vener det blir teke bilete av.
 
Det er ikkje lov å ta bilete av medpasientar eller tilsett ved sjukehusa. Vi har hatt fleire saker der bilete av medpasientar og tilsette har blitt publiserte på sosiale medium utan at dei har gjeve løyve om det. 

Vi håpar at du syner respekt for personvernet til alle du møter under opphaldet ved sjukehuset, og at du bare tar bilete av eigen familie og vener.​

​Kantina i  6.etasje er open for tilsette, pasientar og besøkande.

Opningstider:
Måndag - fredag kl. 09.30-15.30. Stengt helger og heilagdagar.

Pasientkantine i 4-og 5.etasje er kun open for pasientar.

Fleire av sengepostane har eigne spiserom med enkel sjølvbetening for inneliggande pasientar. Ta kontakt med di avdeling.

Det ligg ein Narvesen kiosk i 1.etasje

Opningstider:
Måndag - fredag kl. 06.30-21.00
Laurdag: 9.00-20.00
Søndag: 10.00-20.00 




​​​​​​​​​Ta med den faste medisinen du brukar. Det kan ta tid å få same medisin frå apoteket.

Dessverre kan tjuveri finne stad på sjukehuset. La ​verdisaker vere igjen heime.

Ta med behagelege klede og gode innesko som er stødige og lette å ta på. Av hygieniske grunnar er det ikkje tillate å gå barbeint på sjukehuset.

Ta med toalettsaker som tannbørste, tannkrem, kam, deodorant og eventuelt barbermaskin. ​Hugs også hjelpemiddel du er avhengig av: til dømes stokk, ​krykker, rullator og rullestol.

God hygiene er ein viktig faktor for å kunne gi god behandling til pasientane.