Føde og barsel Haugesund
Ved Haugesund sjukehus har vi opp mot 1400 fødslar i året. Vi tar imot barn frå og med svangerskapsveke 28 eller om barnet er over 1000 gram. Trugande fødslar før veke 28 blir overflytta til Stavanger Universitetssjukehus eller Kvinneklinikken i Bergen. For gravide og fødande har vi følgjande tilbod: Svangerskapspoliklinikk for deg som har komplikasjonar i svangerskapet, observasjonssenger, fødeeining med fem fødestover og barseleining med barselpoliklinikk. Bruk lenka under for finne masse meir om fødsel og barseltid.
Kontakt
Telefon
Slik finn du fram
Oppmøtestad
3. etasje i nybygget ved Haugesund sjukehus. Gå gjennom dei doble dørene ved Narvesen og ta heis eller trapp opp til vår avdeling.
Føde og barsel har eigne retningsliner for besøk:
Barnefar: 9-21
Barnets søsken og besteforeldre: 17-18
Andre besøkande er av omsyn til mor og barn, ikkje tillate i avdelinga.
Haugesund sjukehus
Karmsundgata 120, 5528 Haugesund