Hjerte poliklinikk

Hjerte poliklinikk greier ut og kontrollerer pasientar med ulike hjertemedisinske tilstandar og sjukdomar etter tilvising frå lege. Her møter du faggrupper som helsesekretær, sjukepleiar og lege.

Aktuelle tilstandar som blir undersøkt og behandla hos oss er brystsmerter, rytmeforstyrringar/hjertebank, genetiske hjertesjukdommar, hjertemuskelssjukdommar (kardiomyopatiar), idrettsrelatert hjertesjukdom, medfødde hjertesjukdommar, klaffessjukdommar, hjertetransplanterte og pasientar med alvorleg hjertesvikt/tungpust.

Les mer om hjertesjukdommar på helsenorge.no

Undersøkingar som kan vere aktuelle:

  • Ultralyd av hjertet (ekkokardiografi). Denne undersøkinga kan gjerast med og utan kontrast, ulik form for belastning, og i nokre tilfelle ved hjelp av scop som blir ført ned spiserøyret. Det vil stå i innkallingsbrev kva type undersøking du skal til.
  • Arbeids-EKG. Belastningstest på ergometersykkel eller tredemølle.
  • Opptak av hjerterytme. Ulik type båndopptakarar som registrerer hjerterytme kontinuerleg mens dei er påkobla, eller utstyr der du som pasient må aktivere ein opptakar når du kjenner hjertebank/rytmeforstyrring.
  • Kontroll av pacemaker og hjertestartar.

Spesialsjukepleiarar med vidareutdanning i kardiologi driv hjertesviktpoliklinikken hos oss. Kardiolog (lege som er hjertespesialist) opptrer som supervisor, og har det overordna ansvaret for behandlinga.


Kva gjer vi?

  • Alle pasientar som møter kriteria blir registrerte i Norsk Hjertesviktregister.
  • Funksjonstestar.
  • Informasjon og opplæring til pasient og pårørande. Det er viktig at du som pasient og dine pårørande føler dykk trygge og veit korleis ein best kan leve med sjukdommen.
  • Oppfølging etter eit standardisert forløp.
  • Medisinjustering og kontrollar med blodprøvar etter medisinendringar.
  • Jerninfusjon.

Kven kan tilvisast til oss?

  • Pasientar med nyoppdaga hjertesvikt. 
  • Pasientar med kjent hjertesvikt som har ei forverring av sjukdommen.
  • Pasientar med symptomgivande hjertesvikt i større og mindre grad.

Kontakt

Telefon

  • Måndag 07:30 - 15:30
  • Tysdag 07:30 - 15:30
  • Onsdag 07:30 - 15:30
  • Torsdag 07:30 - 15:30
  • Fredag 07:30 - 15:30
  • Laurdag STENGT
  • Søndag STENGT
Poliklinikken er stengt i helger og heilagdagar

Slik finn du fram

Oppmøtestad

Vår poliklinikk ligg i 2.etasje. Bruk heisen ved resepsjonen i første etasje. Ta til høgre når du skal ut av heisen. 
Flyfoto av en by

Haugesund sjukehus

Karmsundgata 120, 5528 Haugesund