Bruksrettleiar: Sjekklister for habilitering av barn og unge
Til arbeid med habiliteringsprosessar, overgangar og individuell plan.
Hensikt og bruk av sjekklistene
Sjekklistene skal støtta arbeidet med habilitering, individuell plan (IP) og overgangar for barn og unge. Dei skal bidra til systematisk kartlegging, planlegging og oppfølging, og gi støtte til samarbeid mellom barnet, familien og tenestene.
Målet er å identifisera ressursar, interesser og behov, slik at aktuelle tiltak, tenester og støtteordningar kan vurderast og følgjast opp. Sjekklistene skal fremja deltaking, utvikling, sjølvstende og meistring, samtidig som dei bidreg til å ivareta behov hos familien og nettverket rundt barnet.
Sjekklistene bidreg til meir likeverdig tilbod og støtter kommunane og helseføretak i samordning av tenester til barn og unge.
Kven kan bruka sjekklistene?
Både koordinatorar og andre fagpersonar kan nytta verktøyet. Sjekklistene kan nyttast av koordinatorar og fagpersonar innanfor blant anna helse, omsorg og oppvekst. Sjekklistene kan også nyttast direkte av foreldre/føresette eller ungdommar sjølv, og krev ikkje særskild opplæring. Sjekklistene kan brukast i ansvarsgrupper, samarbeidsmøte og andre arenaer der barnet eller ungdommen, foreldre/føresette og fagpersonar deltek.
Det bør vera éin person som har hovudansvar for å følgja opp sjekklista, leia møta og dokumentera framdrift.
Inndeling
Det er utarbeidd ei sjekkliste for habiliteringsprosessar som kan nyttast i ansvarsgruppemøte og som støtte i arbeid med individuell plan.
Sjekkliste for habiliteringsprosessar
- Støttar tidleg identifisering av behov for koordinering, rettleiing og tiltak.
- Bidreg til heilskapleg vurdering og oppfølging av barn/ungdom og familien
- Supplerer overgangssjekklistene og støttar både kortsiktig og langsiktig planlegging.
I tillegg er det utarbeidd eigne sjekklister for følgjande overgangar:
- Oppstart i barnehage
- Overgang frå barnehage til barneskule
- Overgang frå barneskule til ungdomsskule
- Overgang frå ungdomsskule til vidaregåande skule
- Overgang frå ungdom til vaksen
Oppbygging og struktur
Sjekklistene er delte i to kolonnar.
Sjekklistene inneheld to eller tre fasar som omfattar perioden frå om lag eitt til to år før overgangen, fram til barnet eller ungdommen er etablert i ny arena eller nytt miljø.