Habiliteringsmodellen for barn og unge
Oppstart i barnehage
Overgangen frå å vere heime til å starte i barnehage kan vere overveldande for familiar som har barn med behov for habilitering. Eit godt samarbeid mellom barnehagen, heimen og støtteapparatet er nøkkelen til ein vellukka overgang.
Sjekkliste for oppstart i barnehage
- Skal sikre best mogleg oppstart i barnehagen, og ei heilskapleg oppfølging som støtter barnet si utvikling.
- Er laga for å støtte barnet, foreldra/føresette og fagpersonane i planlegginga av og gjennomføring av oppstart i barnehagen.
6-24 månadar før oppstart
Kartlegge/vurdere
- Kartlegge barnet saman med foreldre/føresette.
- Kartlegge familien sin plan for arbeidsliv og barnehageoppstart.
- Karlegge foreldra sitt behov for opplæring, rettleiing og avlastning.
- Kartlegge behov for personale og kompetanse i barnehagen.
Informasjon/drøfte
- Informasjon om rettar og lovverk til foreldre.
- Informere om søknadsfrist for barnehageopptaket og dei ulike tilboda i barnehagane.
- Informasjon til foreldre om moglegheiter for å leggje til rette i barnehagen.
- Informasjon om interesseorganisasjonar.
Tiltak
- Søke barnehageplass i aktuell barnehage.
- Melde frå til barnehagen om at det kjem eit barn med hjelpebehov.
- Innhente og oppdatere samtykker til tverrfagleg samarbeid.
- Rettleiing frå aktuelle fagpersonar, slik at foreldra/føresette er i stand til å oppfylle foreldreansvaret.
- Kople på nødvendige fagpersonar/instansar.
- Utarbeide individuell plan (IP).
0-6 månadar før oppstart
Kartlegge/vurdere
- Kartlegge kva for informasjon om barnet som skal overførast til barnehagen, og kva opplæring/kompetanse barnehagen treng for å kunne ta i mot barnet.
- Kartlegge behovet til familien.
Informasjon/drøfte
- Informasjon til foreldre/føresette om kva tenestene (PPT, fysio- og ergoterapeut, logoped mm.) kan bidra med i samarbeid med barnehagen.
Tiltak
- Planlegge og gjennomføre overføringsmøter med barnet, foreldre/føresette og fagpersonar frå noverande og framtidig lag rundt barnet.
- Rettleiing frå aktuelle fagpersonar, slik at foreldre/føresette er i stand til å oppfylle foreldreansvaret.
- Sørge for at hjelpemidlar (forflytning, kognitive og kommunikasjon) er på plass og at personalet får nødvendig opplæring.
- Følge, evaluere og justere tilvenningsplan.
- Innhente og oppdatere samtykker til tverrfagleg samarbeid.
- Sikre at habilteringsprosessen har starta i heimen.
- Invitere barnehage på evt. tilbakemeldingsmøter hos spesialisthelsetenesta.
- Opplæring i bruk av kommunikasjonsverktøy til andre i barnehage og nettverket til familien.
- Oppdatere individuell plan (IP).
Fyrste 6 månadar frå oppstart i barnehagen
Kartlegge
- Vurdere behovet for justering av pågåande tiltak
- Kartlegge ressursar i utvida familie og nettverk, og kven som eventuelt treng opplæring/informasjon om barnet
Tiltak
- Følge og evaluere planer.
- Opprette kommunikasjonsplattform mellom barnehagen og heimen, og ta i bruk denne.
- Pågåande rettleiing og opplæring til foreldre/føresette og personale følges opp.
- Ansvarsgruppemøte for evaluering av oppstart og vegen videre.
Sist oppdatert 14.04.2026