Habiliteringsmodellen
Overgang frå barnehage til barneskule
Overgangen frå barnehage til barneskule kan vere overveldande for familiar med barn som har behov for habilitering. Eit godt samarbeid mellom heimen, barnehagen, skulen og støtteapparatet er nøkkelen til ein vellukka overgang.
Sjekkliste for overgang frå barnehage til barneskule
- Skal sikre best mogleg oppstart i barneskulen, og ei heilskapleg oppfølging som støtter barnet si utvikling.
- Er laga for å støtte barnet, foreldre/føresette og fagpersonar i planlegginga og gjennomføring av oppstart på barneskulen.
4-5 års alder
Kartlegge/vurdere
- Kartlegging av barnet saman med foreldre/føresette
- Kartlegge foreldre/føresette sitt behov for opplæring, rettleiing og avlastning
- Kartlegge behov for personale og kompetanse i skulen
- Kartlegge kva for andre barn i barnehagen som skal til same skule
Informasjon/drøfte
- Informasjon om rettigheitar og lovverk til foreldre
- Informasjon om interesseorganisasjonar
Tiltak
- Søke skulebytte/skuleplass dersom barnet ikkje skal gå på nærskulen
- Informasjon frå barnehagen til skulen om at barnet skal inn i skulen
- Innhente og oppdatere samtykker til tverrfagleg samarbeid
- Rettleiing frå aktuelle fagpersonar, slik at foreldra/føresette er i stand til å oppfylle foreldreansvaret
- Kople på nødvendige fagpersonar/instansar
- Utarbeide eller oppdatere individuell plan (IP)
Året før skulestart
Kartlegge/vurdere
- Kartlegge kva for informasjon om barnet som skal overførast til barneskulen, og kva opplæring/kompetanse barneskulen treng for å kunne ta i mot barnet
- Kartlegge barnet sine synspunkt angåande skulestart
- Kartlegge familiens behov
- Vurdere om det er behov for (ny) sakkyndig vurdering
- Vurdere om ein skal søkje anna skule eller nærskule
Informasjon/drøfte
- Informasjon til foreldre/føresette om barnet sine rettighetar og moglegheiter i skulen
- Informere barnet og foreldre/føresette om klassen og lærarane så tidleg som mogleg
- Informasjon til foreldre/føresette om kva tenestene
Tiltak
- Planlegge og gjennomføre overføringsmøter med barnet, føresette og fagpersonar frå noverande og framtidig lag rundt barnet
- Rettleiing frå aktuelle fagpersonar, slik at foreldre/føresette er i stand til å oppfylle foreldreansvaret
- Sørge for at hjelpemidlar (forflytning, kognitive og kommunikasjon) er på plass og at personalet får nødvendig opplæring
- Sikre at habilteringsprosessen har starta, og fortsett i når barnet begynner på skulen
- Invitere barneskulen på evt. tilbakemeldingsmøter hos spesialisthelsetenesta
- Lage ei oversikt over tenester og nøkkelpersonar for foreldre/føresette og hjelpeapparat
- Opplæring i bruk av kommunikasjonsverktøy til andre på skulen/klassen og nettverket til familien
- Oppdatere individuell plan og sette i gong tiltak
- Lage ein konkret plan for 1. skuledag og 1. skuleveke og får informasjon om klassen
Haustsemester 1. klasse
Kartlegge/vurdere
- Vurdere behovet for justering av pågåande tiltak
- Vurdere behov for (ny) sakkyndig vurdering
Informasjon/drøfte
- Informere klassekameratar, klasseforeldre osv. i tråd med kommunikasjonsplanen
Tiltak
- Følge og evaluere planer
- Ha på plass oversikt over kontaktpersonar i tenesteapparatet, skuleadministrasjonen, klassen og SFO for foreldre/føresette og elles i tenesteapparatet
- Opprette kommunikasjonsplattform mellom skule og heimen, og ta i bruk denne
- Pågåande rettleiing og opplæring til foreldre/føresette og personale følges opp
- Hjelpemidlar overførast/er på plass
- Inkludere medelever i tiltak/intervensjon i skulekvardagen
- Ansvarsgruppemøte for evaluering av oppstart og vegen videre
- Kartlegge foreldra/føresette sitt behov for opplæring, rettleiing og avlastning
Sist oppdatert 14.04.2026