Habiliteringsmodellen

Overgang frå barneskule til ungdomsskule

Overgangen frå barneskule til ungdomsskule kan vere overveldande for familiar med barn som har behov for habilitering. Eit godt samarbeid mellom heimen/ungdommen, barneskulen, ungdomskulen og støtteapparatet er nøkkelen til ein vellukka overgang.

Viktige omsyn

I tillegg til skulebyte og auka krav, skal ungdommen gjennom pubertet og dei sosiale rammene endrast frå slik det var då dei gjekk på barneskulen.

Ungdommar som er i stand til å danne seg eigne synspunkt har rett til å medverke i alle forhold som rører ved ungdommen.  

Sjekkliste for overgang frå barneskule til ungdomsskule

  • Skal sikre best mogleg oppstart på ungdomsskulen, og ei heilskapleg oppfølging som støtter ungdommen si utvikling.
  • Er laga for å støtte ungdommen, foreldre/føresette og fagpersonar i planlegginga og gjennomføring av oppstart på ungdomsskulen. 

6. - 7.klasse   

Kartlegge/vurdere  

  • Kartlegging av ungdommen i saman med ungdommen og foreldre/føresette.
  • Kartlegge behov for tilrettelegging i miljøet.
  • Kartlegge foreldre/føresette sine behov for opplæring, rettleiing og avlastning.

Informasjon/drøfte  

  • Moglegheitsstudie saman med ungdommen og foreldre/føresette.
  • Informasjon om rettigheitar og lovverk til foreldre.
  • Informasjon om interesseorganisasjonar.

Tiltak

  • Søke skulebytte/skuleplass dersom barnet ikkje skal gå på nærskulen.
  • Informasjon til ungdomskolen om at barnet kjem.
  • Innhente og oppdatere samtykker til tverrfagleg samarbeid.
  • Rettleiing frå aktuelle fagpersonar, slik at foreldra/føresette er i stand til å oppfylle foreldreansvaret.
  • Kople på nødvendige fagpersonar/instansar.
  • Utarbeide eller oppdatere individuell plan (IP).
  • Oppdatere individuell plan (IP) og sette i gong tiltak.
  • Bestemme kva for skule barnet skal gå på.

7. trinn:

  • Planlegge og gjennomføre overføringsmøter med ungdommen, foreldre/føresette og fagpersonar frå noverande og framtidig lag rundt barnet.

Vårsemester 7. klasse

Kartlegge/vurdere

  • Vurdere om det er behov for (ny) sakkyndig vurdering.
  • Kartlegge familiens behov.

Informasjon/drøfte 

  • Informere barnet og foreldre/føresette om klassen og lærarane så tidleg som mogleg.
  • Informasjon til foreldre/føresette om kva tenestene (PPT, fysio- og ergoterapeut, logoped mm.) kan bidra med i samarbeid med skulen.  

Tiltak

  • Planlegge og gjennomføre overføringsmøter med ungdommen, foreldre/føresette og fagpersonar frå noverande og framtidig lag rundt barnet.
  • Sikre at foreldra og barnet har møtt minst ein tilsett ved ny skule før oppstart. 
    Invitere ungdomsskulen på evt. tilbakemeldingsmøter hos spesialisthelsetenesta  ved ny diagnose eller utfordring.
  • Oppdatere individuell plan og sette i gong tiltak.
  • Lage ein konkret plan for 1. skuledag og 1. skuleveke og får informasjon om klassen.

Haustsemester 8. klasse

Kartlegge/vurdere

  • Vurdere behovet for justering av pågåande tiltak.
  • Skrive nytt enkeltvedtak basert på sakkyndig som føreligg og evt. vurdere behovet for ny sakkyndig vurdering.
  • Kartlegge korleis oppstart har vore for ungdommen (elevsamtale).
  • Kartlegge foreldre/føresette sine behov for opplæring, rettleiing og avlastning.

Informasjon/drøfte

  • Informere klassekameratar, klasseforeldre osv. i tråd med plan for deling av informasjon om ungdommen, som blei laga vårsemesteret i 7. klasse.

Tiltak

  • Følge og evaluere planer.
  • Opprette kommunikasjonsplattform mellom skule og heimen, og ta i bruk denne.
  • Lage ei oversikt over tenester og nøkkelpersonar med kontaktinformasjon for foreldre/føresette og hjelpeapparat.
  • Inkludere medelever i tiltak/intervensjon i skulekvardagen.
  • Opplæring i bruk av kommunikasjonsverktøy til andre på skulen/klassen og nettverket til familien.
  • Sørge for at hjelpemidlar (forflytning, kognitive og kommunikasjon) er på plass og at personalet får nødvendig opplæring.
  • Rettleiing og opplæring til foreldre/føresette og personale setjast i gong eller følges opp.
  • Ansvarsgruppemøte for evaluering av oppstart og vegen videre.
  • Oppdatere individuell plan og sette i gong tiltak.
  • Plan for samarbeidsmøte og ansvarsgruppemøter.
  • Evt. Søke ny sakkyndig vurdering.
Sist oppdatert 11.08.2026