Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Habiliteringsmodellen

Overgangen frå vidaregåande skule til vaksenliv

Overgangen frå vidaregåande skule til vaksenlivet kan vere overveldande for familiar med ungdommar som har behov for habilitering. Eit godt samarbeid mellom heimen, ungdommen, vidaregåande skule, arbeid/aktivitet og støtteapparatet er nøkkelen til ein vellukka overgang.

Viktige omsyn

Denne overgangen skilar seg frå dei andre overgangane ved at rammene rundt er i endring. Ungdom er helserettsleg myndig frå 16 år og myndig frå 18 år. Det er viktig at ein startar prosessane i god tid før ungdommen er 18 år.

Ungdommen går frå den trygge elevomgivnaden, til å søke arbeid, høgare utdanning eller dagtilbod – som gir ei endring i dei daglege forventningane, sosiale rammer og rutinar. Innanfor helsetenestene vil kjente fagpersonar bytast ut, då ein går frå barnetenestar til vaksentenestar. 

I spesialisthelsetenesta kor ein tidlegare har hatt få avdelingar å forhalda seg til, skal ein no forhalda seg til fleire separerte avdelingar. Heimesituasjonen er også i endring og spørsmål knytt til det å flytte for seg sjølv blir aktuelt å drøfte.

I arbeidet skal ein ha fokus på at ungdommen oppnår økt sjølvstende, meistring og livskvalitet. Det er også essensielt at den unge vaksne får tilgang til eit støttande nettverk, både med familie, venner og fagpersonar. Eit aktivt sosialt liv og relasjonar til omverda er viktig for trivsel og utvikling, og bør være ein del av planlegginga for framtida.

Sjekkliste for overgangen frå vidaregåande skule til vaksenliv

  • Skal sikre best mogleg overgang til vaksenlivet, og sikre ei heilskapleg oppfølging som støtter ungdommane si utvikling inn i vaksenlivet.
  • Er laga for å støtte ungdommane, foreldre/føresette og fagpersonar i planlegginga og gjennomføring av  vidaregåande skule og vidare ut i studie/arbeid/aktivitet.

16-18 år  

Kartlegge/vurdere

  • Kva ungdommen trenger for å bli mest mogleg klar til å handtera vaksenlivet.
  • Kva for informasjon/opplæring må gis til fagpersonar innanfor helse og omsorg når ungdommen går over frå barnetenester til vaksentenester.
  • Kartlegge samtykkekompetanse og evt. behov for verje
  • Kartlegge familiens behov. 

Informasjon/drøfte

  • Informasjon om helse- og sosialtenester for vaksne til ungdommen og/eller pårørande i kommunen (eksempel BPA, miljøarbeidarteneste, koordinator, fysio/ergo mm.) og spesialisthelsetenesta.
  • Informasjon til ungdommen og føresette om endringar i lovverk og rettighetar frå fylte 18 år.
  • Informasjon om interesseorganisasjonar og tilrettelagde fritidstilbod.
  • Informasjon/samtale med ungdommen og/eller pårørande om buformer, økonomisk og praktisk støtte til å bu
  • Informasjon/samtale om moglegheiter innanfor arbeid, NAV, utdanning og dagtilbod.

Tiltak

  • Sette inn tiltak basert på kartlegging, for å ruste ungdommen til vaksenlivet og i nettverksbygging.
  • Støtte ungdommen til å utvikle helsekompetanse.
  • Butrening/sjølvstendigheitstrening dersom det er aktuelt
  • Støtte ungdommen til å utvikle helsekompetanse.
  • Planlegge og gjennomføre overføringsmøter med ungdommen, evt. Føresette, og fagpersonar frå noverande og framtidig lag rundt den unge vaksne.
  • Søke bustad og/eller praktisk støtte til å bu.
  • Søke om verjemål og/eller innhente relevante samtykker
  • Søke om trygd og/eller andre økonomiske stønader (NAV, lånekassen).
  • Søke skuletilbod/høgare utdanning/vaksenopplæring/ekstra år vidaregåande skule.
  • Arbeid og dagtilbod. 

18-20 år

Kartlegge/vurdere

  • Evaluere overgangen saman med ungdommen (evt. føresette ved samtykke, eller verje).
  • Ny moglegheitsstudie, ingen skam å snu.

Tiltak

  • Støtte den unge vaksne i nettverksbygging.
  • Fase ut tenester for barn.
  • Gjennomføre ansvarsgruppemøte.
Sist oppdatert 14.04.2026