Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Habiliteringsmodellen

Overgang frå ungdomsskule til vidaregåande skule

Overgangen frå ungdomsskule til vidaregåande skule kan vere overveldande for familiar med barn som har behov for habilitering. Eit godt samarbeid mellom heimen/ungdommen, ungdomskulen, vidaregåande skule og støtteapparatet er nøkkelen til ein vellukka overgang.

Viktige omsyn

I tillegg til skulebyte og auka krav, skal ungdommen gjennom pubertet og dei sosiale rammene endrast frå slik det var då dei gjekk på ungdomsskulen/barneskulen.

Ungdommar som er i stand til å danne seg eigne synspunkt har rett til å medverke i alle forhold som rører ved seg sjølv. Frå ungdommen er 16 år, er han helserettsleg myndig, og kan dermed bestemme over eiga helse.

I arbeidet skal ein ha fokus på at ungdommen oppnår økt sjølvstende, meistring og livskvalitet. Det er også essensielt at den ungdommen har og får tilgang til eit støttande nettverk, både med familie, venner og fagpersonar. Eit aktivt sosialt liv og relasjonar til omverda er viktig for trivsel og utvikling, og bør være ein del av planlegginga for framtida.

Sjekkliste for overgang frå ungdomsskule til vidaregåande skule

  • Skal sikre best mogleg oppstart på vidaregåande, og ei heilskapleg oppfølging som støtter ungdommen si utvikling inn i vaksenlivet.
  • Er laga for å støtte ungdommen, foreldre/føresette og fagpersonar i planlegginga og gjennomføring av oppstart på vidaregåande.

I arbeidet skal ein ha fokus på at ungdommen oppnår økt sjølvstende, meistring og livskvalitet.

Det er også essensielt at den ungdommen har og får tilgang til eit støttande nettverk, både med familie, venner og fagpersonar.

Eit aktivt sosialt liv og relasjonar til omverda er viktig for trivsel og utvikling, og bør vere ein del av planlegginga for framtida.

Haustsemester 10. trinn  

Kartlegge/vurdere

  • Kartlegging av ungdommen i saman med ungdommen og foreldre/føresette.
  • Kartlegge behov for tilrettelegging i miljøet.
  • Kartlegge foreldre/føresette sine behov for opplæring, rettleiing og avlastning.
  • Kartlegge kva for informasjon/opplæring som må overførast til ny skule.
  • Kartlegging av barns som pårørande (søsken).

Informasjon/drøfte

  • Moglegheitsstudie saman med ungdommen og foreldre/føresette.
  • Informasjon om rettigheitar og lovverk til foreldre.
  • Informasjon om interesseorganisasjonar.

Tiltak

  • Informasjon til vidaregåande skule om at barnet kjem.
  • Innhente og oppdatere samtykker til tverrfagleg samarbeid
  • Rettleiing frå aktuelle fagpersonar, slik at foreldra/føresette er i stand til å oppfylle foreldreansvaret.
  • Kople på nødvendige fagpersonar/instansar.
  • Utarbeide eller oppdatere individuell plan (IP), og sette i gong tiltak.
  • Studie- og eller karriererettleiing.

Vårsemester 10. trinn   

Kartlegge/vurdere

  • Kartlegge familiens behov.

Drøfte/vurdere

  • Informasjon til foreldre/føresette om kva tenestene (PPT, fysio- og ergoterapeut, logoped mm.) kan bidra med i samarbeid med skulen.  

Tiltak

  • Bestemme kva for skule og retning ein skal søkje.
  • Planlegge og gjennomføre overføringsmøter med ungdommen, foreldre/føresette og fagpersonar frå noverande og framtidig lag rundt ungdommen.
  • Invitere vidaregåande på evt. tilbakemeldingsmøter hos spesialisthelsetenesta ved ny diagnose eller utfordring.
  • Oppdatere individuell plan og sette i gong tiltak.
  • Sjekke at fysisk tilrettelegging er på plass.
  • Få oversikt over pedagogiske hjelpemidlar, kva kan tas med videre og kva må evt. skaffast.
  • Etter siste skuledag: Overføre utstyr, hjelpemidlar (tekniske/forflytning, kognitive), og andre invidivuelt tilpassede ressursar og verktøy osv. til ny skole.

1. vidaregåande, haustsemester

Kartlegge/vurdere

  • Kartlegge foreldre/føresette sine behov for opplæring, rettleiing og avlastning. 

Informasjon/drøfte

  • Sjekkliste for overgang til vaksenliv.  

Tiltak

  • Evaluere korleis oppstart har vore for ungdommen (elevsamtale).
  • Skrive nytt enkeltvedtak basert på sakkyndig som føreligg og evt. vurdere behovet for ny sakkyndig vurdering.    
  • Følge, evaluere og justere planer, som blei utarbeid i forbindelse med overføringsmøta våren 10. trinn.
  • Lage ei oversikt over tenester og nøkkelpersonar med kontaktinformasjon for foreldre/føresette og hjelpeapparat.
  • Ansvarsgruppemøte for evaluering av oppstart og vegen videre, saman med ungdommen, føresette og fagpersonar.        
  • Plan for samarbeidsmøter og ansvarsgruppemøter.    
Sist oppdatert 14.04.2026