Habiliteringsmodellen for barn og unge
Bruk av sjekklister ved overgangar
Vi har laga sjekklister for kvar overgangsfase. Dei kan brukast som støtte for kommunar og spesialisthelsetenesta.
Formål
Sjekklistene skal støtte kommunar og helseføretak i samordning av tenester til barn og unge.
Sjekklistene skal:
- sikre heilskap i tilbod og oppfølging av barnet eller ungdommen gjennom ulike overgangar i livet.
- bidra til oversikt og støtte i planlegging og gjennomføring av overgangar og vere eit verktøy som støttar både fagpersonar, foreldre og barnet/ungdommen sjølv i prosessane.
- støtte utviklinga av sjølvstende, meistring og livskvalitet hos barnet eller ungdommen, og samstundes gi nødvendig støtte til foreldra/føresette.
Struktur
Kvar sjekkliste er delt inn i to til tre fasar, der ein beskriv:
- Kva som bør gjerast før overgangen.
- Kva som bør gjerast under og etter overgangen, og perioden fram til barnet eller ungdommen er etablert i nytt miljø eller ny arena.
Kven kan bruke dei
Sjekklistene kan brukast av:
- Samarbeidsorgan som ansvarsgrupper eller samarbeidsmøte der barnet eller ungdommen, foreldre/føresette og fagpersonar deltek – éin person bør har hovudansvar for sjekklista, til dømes ved å leie møtet og føre referat.
- Koordinatorar og andre fagpersonar.
- Foreldre/føresatte – det er ikkje behov for særskild opplæring for å ta dei i bruk.
Sist oppdatert 11.08.2026