Bruksrettleiar: Sjekklister for habilitering av barn og unge
Til arbeid med habiliteringsprosessar, overgangar og individuell plan.
Hensikt
Sjekklistene er utvikla for å styrkja arbeidet med habilitering, individuell plan (IP) og gode overgangar for barn og unge. Dei legg til rette for systematisk kartlegging, målretta planlegging og trygg oppfølging, og støttar eit godt samarbeid mellom barnet, familien og tenestene.
Gjennom å synleggjera ressursar, interesser og behov gir sjekklistene eit betre grunnlag for å vurdera, koordinera og følgja opp aktuelle tiltak, tenester og støtteordningar. Samstundes fremjar dei deltaking, utvikling, sjølvstende og meistring for barnet, og bidreg til å ivareta behova til familien og nettverket rundt.
Sjekklistene støttar også kommunar og helseføretak i arbeidet med å samordna tenester, og kan bidra til eit meir likeverdig og føreseieleg tilbod for barn, unge og familiar.
Kven kan bruka sjekklistene?
Både koordinatorar og andre fagpersonar kan nytta verktøyet. Sjekklistene kan nyttast av koordinatorar og fagpersonar innanfor blant anna helse, omsorg og oppvekst. Sjekklistene kan også nyttast direkte av foreldre/føresette eller ungdommar sjølv, og krev ikkje særskild opplæring. Sjekklistene kan brukast i ansvarsgrupper, samarbeidsmøte og andre arenaer der barnet eller ungdommen, foreldre/føresette og fagpersonar deltek.
Det bør vera éin person som har hovudansvar for å følgja opp sjekklista, leia møta og dokumentera framdrift.
Korleis bruke sjekklistene
Sjekklistene er utvikla for å gjere samarbeidet enklare og meir målretta. Dei kan tilpassast både lokale arbeidsmåtar i tenesteapparatet og behova og ønskja til barnet og familien. På denne måten blir dei eit fleksibelt verktøy som støttar gode og heilskaplege habiliteringsforløp.
Du kan bruke sjekklistene:
- i føresamtalar med føresette for å avklare behov, forventningar og viktige tema
- som støtte i overgangsmøte og IP-møte
- ved å dele dei på skjerm eller bruke papirversjon for å sikre aktiv deltaking og felles forståing
- for å skape struktur, oversikt og framdrift under møtet
- etter møtet for å sikre at viktige tema er drøfta og følgje opp eventuelle manglar
Mange opplever at sjekklistene gir betre førebuing, meir målretta møte og tydelegare oppfølging. Dersom sjekklista blir fylt ut undervegs, kan ho også nyttast som referat og arbeidsverktøy vidare i forløpet. Ho gir ei felles oversikt over status, avtalar og vidare oppfølging, også for personar som ikkje deltok i møtet.
Inndeling
Det er utarbeidd ei sjekkliste for habiliteringsprosessar som kan nyttast i ansvarsgruppemøte og som støtte i arbeid med individuell plan.
Sjekkliste for habiliteringsprosessar
- Støttar tidleg identifisering av behov for koordinering, rettleiing og tiltak.
- Bidreg til heilskapleg vurdering og oppfølging av barn/ungdom og familien
- Supplerer overgangssjekklistene og støttar både kortsiktig og langsiktig planlegging.
I tillegg er det utarbeidd eigne sjekklister for følgjande overgangar:
- Oppstart i barnehage
- Overgang frå barnehage til barneskule
- Overgang frå barneskule til ungdomsskule
- Overgang frå ungdomsskule til vidaregåande skule
- Overgang frå ungdom til vaksen
Oppbygging og struktur
Sjekklistene er delte i to kolonnar, Oppgåve/tema (faste punkt som skal vurderast eller følgjast opp), og Notat (beskriv status, utfordringar og aktuelle arbeidsområde. Noter ansvar for oppfølging og eventuelle tiltak).
Sjekklistene inneheld to eller tre fasar som omfattar perioden frå om lag eitt til to år før overgangen, fram til barnet eller ungdommen er etablert i ny arena eller nytt miljø.