Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
Habiliteringsmodellen

Overgang frå ungdomsskule til vidaregåande skule

Overgangen frå  ungdomsskule til vidaregåande er eit stort steg for alle ungdommar og for familien.

I tillegg til skulebyte og auka krav, skal ungdommen gjennom pubertet og dei sosiale rammene endrar seg frå slik det var då dei gjekk i grunnskulen.

Målet med denne sjekklista er å sikra best mogleg oppstart på vidaregåande og ei heilskapleg oppfølging som støttar ungdommen si utvikling inn i vaksenlivet. Sjekklista er laga for å støtta ungdommen, foreldre/føresette og fagpersonar i planlegging og gjennomføring av oppstart på vidaregåande.

Eit godt samarbeid mellom heimen/ungdommen, ungdomskulen, vidaregåande skule og  støtteapparatet er nøkkelen til ein vellukka overgang.

I arbeidet  med overgangen skal ein ha fokus på at ungdommen oppnår auka sjølvstende, meistring og livskvalitet. Det er også essensielt at ungdommen har og får tilgang til eit støttande nettverk, både med familie, venner og fagpersonar. Eit aktivt sosialt liv og relasjonar til omverda er viktig for trivsel og utvikling, og bør vera ein del av planlegginga for framtida.

Ungdommar som er i stand til å danna seg eigne synspunkt, har rett til å medverka i alle forhold som rører ved seg sjølv. Frå ungdommen er 16 år, er han helserettsleg myndig, og kan dermed bestemma over eiga helse.

Sist oppdatert 09.11.2026