Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
Habiliteringsmodellen

Overgang frå barnehage til barneskule

Overgangen frå barnehage til barneskule er eit stort steg for heile familien. Denne overgangen kan vera overveldande for familiar med barn som har behov for habilitering.

Målet med sjekklista er å sikra best mogleg oppstart i barneskulen, og ei heilskapleg oppfølging som støtter barnet si utvikling.

Sjekklista er laga for å støtta barnet, foreldre/føresette og fagpersonar i planlegging og gjennomføring av oppstart på barneskulen. 

Eit godt samarbeid mellom heimen, barnehagen, skulen og støtteapparatet er nøkkelen til ein vellukka overgang. Barn som er i stand til å danna seg eigne synspunkt har rett til å medverka i alle forhold som rører ved barnet.

Sist oppdatert 09.11.2026