Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
Habiliteringsmodellen for barn og unge

Oppstart i barnehage

Overgangen frå å vera heime til å starta i barnehage er eit stort steg for heile familien. Denne overgangen kan vera overveldande for familiar som har barn med behov for habilitering.

Målet med denne sjekklista er å sikra best mogleg oppstart i barnehagen, og ei heilskapleg oppfølging som støttar barnet si utvikling.

Sjekklista er laga for å støtta barnet, foreldra/føresette og fagpersonane i planlegging og gjennomføring av oppstart i barnehagen. Eit godt samarbeid mellom barnehagen, heimen og støtteapparatet er nøkkelen til ein vellukka overgang. 

Sist oppdatert 09.11.2026