Overgang frå barneskule til ungdomsskule
Overgangen frå barneskule til ungdomsskule er eit stort steg for alle ungdommar og for familien.
I tillegg til skulebyte og auka krav, skal ungdommen gjennom pubertet og dei sosiale rammene blir endra frå slik det var då dei gjekk på barneskulen.
Målet med denne sjekklista er å sikra best mogleg oppstart på ungdomsskulen og ei heilskapleg oppfølging som støtter ungdommen si utvikling.
Sjekklista er laga for å støtta ungdommen, foreldre/føresette og fagpersonar i planlegginga og gjennomføring av oppstart på ungdomsskulen.
Eit godt samarbeid mellom heimen/ungdommen, barneskulen, ungdomskulen og støtteapparatet er nøkkelen til ein vellukka overgang.
Ungdommar som er i stand til å danna seg eigne synspunkt har rett til å medverka i alle forhold som rører ved ungdommen.