Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
Habiliteringsmodellen

Overgangen frå vidaregåande skule til vaksenliv

Denne overgangen skil seg frå dei andre overgangane ved at rammene rundt er i endring. Ungdom er helserettsleg myndig frå 16 år og myndig frå 18 år. Det er viktig at ein startar prosessane i god tid før ungdommen er 18 år*.

Helserettigheter for barn og unge - Helsenorge

Ungdommen går frå det trygge elevmiljøet, til å søka arbeid, høgare utdanning eller dagtilbod – som gir ei endring i daglege forventningar, sosiale rammer og rutinar. Innanfor helsetenestene vil kjende fagpersonar bytast ut, då ein går frå barnetenester til vaksentenester. I spesialisthelsetenesta kor ein tidlegare har hatt få avdelingar å forhalda seg til, skal ein no forhalda seg til fleire separate avdelingar.

Heimesituasjonen er og i endring og spørsmål knytt til det å flytta for seg sjølv blir aktuelle å drøfta.

Denne overgangen kan vera overveldande for familiar med ungdom som har behov for habilitering. Målet med denne sjekklista er å sikra best mogleg overgang til vaksenlivet og sikra ei heilskapleg oppfølging som støttar ungdommen si utvikling inn i vaksenlivet. Sjekklista er laga for å støtta ungdommen, foreldre/føresette/pårørande og fagpersonar i planlegging og gjennomføring av  vidaregåande skule og vidare ut i studie/arbeid/aktivitet . Eit godt samarbeid mellom heimen, ungdommen, vidaregåande skule, arbeid/aktivitet  og  støtteapparatet er nøkkelen til ein vellukka overgang.

I arbeidet skal ein ha fokus på at ungdommen oppnår økt sjølvstende, meistring og livskvalitet. Det er også essensielt at den unge vaksne får tilgang til eit støttande nettverk, både med familie, venner og fagpersonar. Eit aktivt sosialt liv og relasjonar til omverda er viktig for trivsel og utvikling, og bør vera ein del av planlegginga for framtida.

* Sjekklista kan og nyttast etter fylte 18 år ved behov, til dømes ved sein diagnostisering.

Sist oppdatert 11.11.2026