Diagnose
Kronisk nyresvikt
Kronisk nyresjukdom betyr at du har kronisk og livsvarig reduksjon av nyrefunksjonen. Tilstanden krev oppfølging og kontroll av nyrefunksjonen resten av livet.
Årsaker
Det er fleire tilstandar som kan føre til redusert nyrefunksjon. Nokre av dei vanlegaste er høgt blodtrykk, diabetes, åreforkalking, fedme, betennelsar i nyrene og låg fødselsvekt. Ein del av behandlinga vil ofte vere å regulere desse årsakene.
Det mykje du kan gjere sjølv utover behandling med medisinar. Ein sunn livsstil er ekstra viktig ved kronisk nyresjukdom. Røykjestopp, normal vekt, moderat saltinntak og dagleg mosjon i samsvar med generelle retningslinjer kan bremse vidare utvikling av kronisk nyresjukdom. Sett deg enkle mål eller spør behandlaren din om råd.
Sjå gjerne gode råd om fysisk aktivitet på Helsenorge
Tilvising og vurdering
Nyrelege vil vurdere om det er behov for vurdering eller oppfølging ved nyremedisinsk poliklinikk. Om det ikkje er nødvendig, vil nyrelege normalt tilrå oppfølging hos fastlege og ny tilvising ved forverring. Vurderinga blir basert på grad av nyresvikt, fart på fall i nyrefunksjon, urinfunn og sannsynleg utløysande årsak.
Utgreiing
Dei fleste med kronisk nyresjukdom blir oppdaga ved rutinekontroll av blodprøve hos fastlege. Kronisk nyresjukdom blir diagnostisert ved måling av høge kreatininverdier i blodet, og på bakgrunn av dette kan nyrefunksjonen bereknast. Om nyrefunksjonen fell raskt (meir enn 3-5 prosent fall per år), hender i ung alder (yngre enn 50-70 år, noko avhengig av alvorsgrad) eller er mindre enn 30 prosent vil mange bli viste til nyremedisinsk poliklinikk for vurdering.
Målet med undersøkingane er å finne årsaka til tilstanden. Dette er viktig for å kunne førebyggje vidare fall i nyrefunksjonen. Utgreiinga omfattar blodtrykksmåling, blodprøver, urinundersøking og ultralydundersøking av nyrene. Ofte kan utgreiinga gjerast av fastlegen.
Behandling
Hovudmålet med behandling av kronisk nyresjukdom er å unngå vidare tap av nyrefunksjon og korrigere påviste årsaker så godt som mogleg. Det blir særskilt fokusert på god regulering av blodtrykket, med bruk av medisinar.
Ved meir alvorleg nyresyksom vil det også kunne vere nødvendig med behandling av beinmineralsjukdom (sekundær hyperparathyroidisme), surt blod, låg blodprosent, forstyrringar i elektrolyttbalanse (spesielt høge kaliumverdiar) og overvæsking (kan gi hevelsar i beina og tungpustar).
Om nyrefunksjonen fell under 10-15 prosent vil det oftast vere behov for nyreerstattande behandling med dialyse (bloddialyse eller posedialyse) eller nyretransplantasjon. Dei fleste pasientar med kronisk nyresyksom vil likevel aldri utvikle alvorleg nyresvikt.
Dersom du har kronisk nyresjukdom i endestadiet vurderer vi no om du skal ha behandling og eventuelt kva behandling som er best for deg.
Samval inneber at du mottek informasjon om fordelar og ulemper ved dei ulike alternativa. Så kan du saman med helsepersonell sjå desse opp mot kvarandre, ut ifrå kva som er viktig for deg.
Her er tre spørsmål du kan stille din behandlar:
- Kva alternativ har eg?
- Kva fordelar og ulemper er moglege ved desse alternativa?
- Kor sannsynleg er det at eg vil oppleve nokre av desse?
Les meir om samval på helsenorge.no
Oppfølging
Alle pasientar med kronisk nyresjukdom må ha livsvarig oppfølging av blodtrykk, nyrefunksjon og urinfunn. Målet med oppfølginga er å følgje med på, og avgrense fallet i nyrefunksjonen. Ofte kan oppfølginga gjerast hos fastlege, men ved alvorleg kronisk nyresjukdom eller raskt fallande nyrefunksjon vil det også vere behov for oppfølging hos nyrelege.
Kontakt
Haugesund sjukehus
Dialyse Haugesund
Oppmøtestad
5. etasje, midtblokk. Bruk heis ved resepsjonen i 1. etasje.Haugesund sjukehus
Karmsundgata 120, 5528 Haugesund