Bestill og endre time for blodgiving
Du kan enkelt bestille eller endre time når du skal gi blod.
Levra har mange funksjonar. Den produserer galle, protein og koagulasjonsfaktorar. Levra er viktig for stoffskiftet og hormonbalansen. Den er også eit viktig lagringsorgan for karbohydrat, feittstoff, jern og vitamin. Mange medisinar og giftstoff blir brotne ned i levra. Ved leversvikt er levercellene skadde og klarer ikkje å utføre dei normale oppgåvene sine.
Avhengig av kor mykje og kor raskt levercellene blir skadde kan ein skilje mellom to grader av leverskade eller leversvikt. Reservekapasiteten til levra er stor, så leversvikt er relativt sjeldan. Ved akutt og stor levercelleskade blir akutt leversvikt utvikla. Dette er ein alvorleg tilstand. Andre organ som for eksempel nyrer kan også bli påverka.
Vanlegvis vil pasienten oppsøke lege på grunn av symptom. Legen vil da som oftast gjennomføre fleire typar undersøkingar for å fastslå om du har leversvikt eller ikkje.
INR, bilirubin og albumin er stoff som blir målte i blodet, og er markørar for leverfunksjonen. Ved nedsett leverfunksjon vil INR og bilirubin stige og albumin søkke. Det er også vanleg med stigning i leverprøver (ASAT og ALAT). Ei rekke andre blodprøver kan vere forandra avhengig av kor alvorleg leversvikten er.
Vevsprøve frå levra (biopsi) blir ofte gjord dersom diagnosen er usikker.
Av og til blir det også gjort endoskopiske undersøkingar som for eksempel undersøkingar av gallegangane (ERCP) eller innvendig ultralyd (endoskopisk ultralyd).
Vi ønsker å behandle årsaka til sjukdommen om det er mogleg, gjenopprette ubalansen som følge av leversvikten og forhindre utvikling til meir alvorleg leversvikt. Legen tar utgangspunkt i årsaka til leversvikten og funn i utgreiinga ved val av behandling.
Aktuell behandling kan vere medikament (f.eks. vassdrivande), endoskopisk behandling (f.eks. gastroskopi) og drenbehandling (f.eks. ascitestapping).
I alvorlege tilfelle kan det vere behov for behandling på intensiv avdeling.
I nokre tilfelle kan levertransplantasjon vere einaste behandlingsutveg. Ein må gå gjennom ei omfattande utgreiing for å sjå om ein er aktuell for transplantasjon. Ikkje alle er kandidatar for transplantasjon av ulike grunnar.
Ein blir som regel følgt opp av lege med jamlege konsultasjonar, blodprøver og røntgenundersøkingar. Forløpet er individuelt. Nokon stabiliserer seg med tilfredsstillande leverfunksjon og kan kontrollerast vidare. Andre vil ha behov for levertransplantasjon.