Bestill og endre time for blodgiving
Du kan enkelt bestille eller endre time når du skal gi blod.
Nevroborreliose er ein infeksjon i nervesystemet som kan overførast til menneske ved flåttbit. Symptoma oppstår vanlegvis 4–8 veker etter flåttbitet. Symptoma kan variere noko, men det mest typiske er betennelse i hjernehinner og nerverøtter. Nevroborreliose kan i tillegg gi nedsett allmenntilstand med influensaliknande symptom som hovudverk, lysskyheit, nakkestivleik, slappheit og trøyttleikskjensle. Dette gjeld særleg barn. Ein sjeldan gong kan sjukdommen gi betennelse i dei sentrale delane av nervesystemet, hjernebetennelse eller ryggmergsbetennelse.
Det er fastlegen som tilviser til utgreiing hos spesialist. Det er vanleg å bli vist til nevrolog eller infeksjonsmedisinar. Barn under 18 år blir tilviste til barneavdelinga. På bakgrunn av opplysningane til fastlegen får du beskjed om time. Dersom det er sterk mistanke om akutt nevroborreliose bør du få time i løpet av nokre dagar.
Ved mistanke om nevroborreliose ser vi etter betennelse i nervesystemet. For å stille ein sikker diagnose er det nødvendig å ta både blodprøve og spinalvæskeprøve. Danninga av borrelia-spesifikke antistoff kan ta opptil 6–8 veker og det er viktig å vere merksam på at dersom prøven blir teken tidleg i forløpet kan antistoff-testane vere negative i blodet. I nokre tilfelle finn ein antistoff i spinalvæska, men ikkje i blodet.
Av og til finn ein også gamle antistoff som heng igjen frå tidlegare smitte med borreliabakterien, men som ikkje har noko med den aktuelle sjukdomstilstanden å gjere. Dette understrekar at det er viktig av å ta omsyn til det aktuelle sjukdomsbiletet og gjennomføre ei spinalvæskeprøve før ein stiller eller utelukkar nevroborreliose-diagnosen. Antistoffsvar må derfor alltid vurderast saman med andre teikn til betennelse i nervesystemet og betennelsesforandringar i spinalvæskeprøve som betennelsesceller.
Av og til må vi også ta MR for å utelukke andre tilstandar i nervesystemet.
Vi behandlar vanlegvis ein sikker eller mogleg akutt nevroborreliose med doksysyklin tablettar i to–tre veker. Ved heilt spesielle tilfelle blir intravenøs behandling gitt. Ofte blir smerter og lammingar raskt betre når antibiotikabehandling er starta.
Av og til er det nødvendig å gi tilleggsbehandling med smertestillande medikament mot nervesmerter den første tida. Her kan visse typar epilepsimedisinar fungere godt.
Dei fleste kjenner seg mykje betre i løpet av dagar eller få veker etter at antibiotikabehandling er byrja. Sjølv om studiar viser at dei fleste blir heilt friske igjen etter infeksjonen, kan nokre ha restplager i veker eller månader etter avslutta antibiotikabehandling.
Dersom du har opplevd ansiktslamming i samband med borreliosen kan du til dømes vere plaga med skeivt smil, auka tåreproduksjon eller problem med å lukke auget. Andre kan vere plaga med nervesmerter, kjensleforstyrringar i huda, eller rørsleforstyrringar som gangproblem eller skjelvingar i handa. Slike restplager blir antekne å komme av at nervane har fått ein skade som ikkje blir lækja med ein gong bakterien er ute av kroppen. Heldigvis er slike restplager oftast av mild karakter og betrar seg over tid. Kor lang tid dette tek varierer frå person til person, og ein sjeldan gong kan skaden i nerven vere permanent.
Risiko for å få langvarige plager kan auke dersom du ikkje får antibiotikabehandling, eller det tek lang tid før du får behandling. Mange kan i tillegg oppleve symptom som utmatting, trøyttleik og kognitive problem den første tida etter ein infeksjon med nevroborreliose. Slike plager er vanlege etter kraftige infeksjonar og kan påverke daglegliv og livskvalitet. Det er derfor viktig at du får god informasjon om at dette kan skje. Ofte kan det vere behov for ein kontroll etter tre månadar, spesielt ved vedvarande symptom. Råd og vidare tiltak kan då setjast i verk.
Fornya antibiotikabehandling har ikkje effekt på restplager, fordi sjølve infeksjonen ikkje lenger er til stades. Rehabiliterande tiltak som fokuserer på symptom som trøyttleik og smerter kan vere til god hjelp for mange. I tillegg er det viktig å utelukke andre moglege årsaker til plagene.
Nevrologisk sengepost
Vi held til i 5. etasje på Haugesund sjukehus. Bruk heisen ved Narvesen kiosken for å kome til oss.
Nevrologisk poliklinikk
Vi held til i 6. etasje på Haugesund sjukehus. Bruk heisen ved Narvesen kiosken for å kome til oss.

Karmsundgata 120
5528 Haugesund