Diagnose

Våt aldersrelatert makula degenerasjon (våt AMD)

AMD er ein augesjukdom som kan medføre varig skade i skarpsynsområdet (makula). På folkemunne blir sjukdommen ofte kalla forkalking i auget eller svekking av skarpsynet.

Aldersrelatert makuladegenerasjon er en øyesykdom som kan skade synet, men forverringen skjer ofte svært langsomt.

Les meir på helsenorge.no

Tørr og våt AMD

Vi skil mellom tørr og våt AMD. Verken tørr eller våt AMD kan kurerast, men våt AMD kan behandlast med injeksjonar. Behandlinga gjer at dei aller fleste beheld synet dei har, og dei fleste som ikkje har fått varige skadar på netthinna, vil også få betre syn. Våt AMD inneber for dei fleste behandling med jamne mellomrom livet ut.

Tilvising og vurdering

Både fastlege, optikar og privatpraktiserande augelege kan vise deg til Augeavdelinga ved mistanke om AMD. Ein augelege vil vurdere fartsgraden på tilvisinga.

For at pasienten skal få raskast og best mogleg behandling er det viktig at fastlege, optikar eller privatpraktiserande augnelege gjer nødvendige undersøkingar, og sender oss den informasjonen vi treng om pasienten.

Tilvising ved mistanke om AMD skal innehalde informasjon om

  • visus
  • kor lenge pasienten har hatt nedsett syn
  • pasienten har hatt hurtig eller langsam synsnedsetjing
  • pasienten har metamorfopsier eller ikkje (kroksyn)
  • trykk
  • andre sjukdommar

Frå optikar ønskjer vi i tillegg

  • fundusfoto (øyebunnsbilde)

Frå augelege ønskjer vi i tillegg

  • OCT

Utgreiing

På augeavdelinga vil du bli motteken av ein sjukepleiar, som vil gjennomføre aktuelle forundersøkingar.

Behandling

Får du påvist våt AMD, vil du få tilbod om sprøyteinjeksjon direkte i auget. Behandlinga gjer at dei aller fleste beheld synet dei har, og dei fleste som ikkje har fått varige skadar på netthinna, vil også få betre syn.

Behandlinga må gjentakast med jamne mellomrom, og varer ofte livet ut.

Oppfølging

Augeavdelinga vil følgje deg opp med kontrollar og eventuelle nye injeksjonar.

Ver merksam

Opplever du aukande smerter eller ubehag, at du er hoven, at auga blir raudare, at du får uklart syn eller blir meir sensibel for lys, må du kontakte oss så snart som mogleg.

Kontakt

Haugesund sjukehus Øye

Kontakt Øye

Oppmøtestad

4. etasje ved Haugesund sjukehus.
En høy vinkel av en bygning

Haugesund sjukehus

Karmsundgata 120, 5528 Haugesund

Transport

Det er fleire busstopp like ved og i nærleiken av Haugesund sjukehus.

www.kystbussen.no - Ruteinformasjon for Kystbussen (Bergen-Stord-Haugesund-Stavanger)

www.kolumbus.no - Ruteinformasjon om lokalbussar i Rogaland

Praktisk informasjon

Apoteket ligg i første etasje, like bak resepsjonen.

Opningstider:

Måndag-fredag kl. 08.00-16.30.

Mange pasientar og pårørande ønskjer å ta bilete eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Dette er sjølvsagt heilt greit, så lenge det er pasienten eller pårørande og vener det blir teke bilete av.
 
Det er ikkje lov å ta bilete av medpasientar eller tilsett ved sjukehusa. Vi har hatt fleire saker der bilete av medpasientar og tilsette har blitt publiserte på sosiale medium utan at dei har gjeve løyve om det. 

Vi håpar at du syner respekt for personvernet til alle du møter under opphaldet ved sjukehuset, og at du bare tar bilete av eigen familie og vener.​

​Kantina i  6.etasje er open for tilsette, pasientar og besøkande.

Opningstider:
Måndag - fredag kl. 09.30-15.30. Stengt helger og heilagdagar.

Pasientkantine i 4-og 5.etasje er kun open for pasientar.

Fleire av sengepostane har eigne spiserom med enkel sjølvbetening for inneliggande pasientar. Ta kontakt med di avdeling.

Det ligg ein Narvesen kiosk i 1.etasje

Opningstider:
Måndag - fredag kl. 06.30-21.00
Laurdag: 9.00-20.00
Søndag: 10.00-20.00 




​​​​​​​​​Ta med den faste medisinen du brukar. Det kan ta tid å få same medisin frå apoteket.

Diverre hender det at tjuveri finn stad på sjukehuset. La ​verdisaker vere igjen heime.

Ta med behagelege klede.

Gode innesko som er stødige og lette å ta på. Av hygieniske grunnar er det ikkje tillate å gå barbeint på sjukehuset.

Toalettsaker som tannbørste, tannkrem, kam, deodorant og eventuelt barbermaskin. ​Hjelpemiddel du er avhengig av: til dømes stokk, ​krykker, rullator og rullestol.

God hygiene ein viktig faktor for å kunne gje god behandling til pasientane.

​Det er ikkje minibank ved sjukehuset. Narvesen i første etasje har bankterminal med moglegheit for uttak av pengar ved kjøp. Det er bank og minibank i Haugesund sentrum.

Parkeringshuset nord for sjukehuset er reservert pasientar og besøkande. Alle må betale for parkering. Dette gjer du på p-automatane enten med kort eller kontanter. I tillegg kan du benytte EasyPark appen.

Parkeringshuset har tre ladeuttak.

Reserverte parkeringsplassar

Reserverte plassar for HC-parkering er utanfor hovudinngangen. Hugs å legge parkeringsbeviset godt synleg i frontruta.

Det er reserverte plassar for blodgivarar og dialysepasientar på toppen av parkeringshus. Du vil få utlevert parkeringsbevis frå avdelingen dersom du har rett til å bruke dessa plassane.

Parkeringsavgift

Det er Haugesund Parkering Drift as som har oppfølging av parkeringshuset og parkeringane foran hovudinngangen. Eventuelle klager på p-avgift meldast til dei. Dette finn du også informasjon om på  p-automatane. 

Pris for å parkere på sjukehus i Helse Fonna er 25 kroner i timen. Makspris for eit døgn er 155 kroner.​