Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
Barn og unges helseteneste

Habiliteringsmodellen for barn og unge

Habiliteringsmodellen er eit verktøy som består av ein dynamisk modell som viser at habilitering er ein livslang prosess, prega av stabile periodar og periodar med endring. Modellen har seks tilhøyrande sjekklister som støttar arbeidet med overgangar og samarbeidsmøte.

Diagram av habiliteringsmodellen

Habiliteringsmodellen illustrerer barnet og familien sitt livsløp gjennom sentrale overgangsfasar.

Forklaring av habiliteringsmodellen

Tidslinja (horisontalt):

  • Illustrerer barnet og familien sitt livsløp gjennom sentrale overgangsfasar: fødsel, barnehage, barneskule, ungdomsskule, vidaregåande skule (VGS) og inn i vaksenlivet.
  • Kvar overgang representerer eit kritisk punkt der behovet for tilrettelegging og samarbeid mellom tenester og føresette ofte aukar. I overgangsfaser må situasjonen vurderast på nytt, og tiltaka tilpassast.
  • Desse overgangane er særleg viktige i habiliteringsarbeidet, fordi dei ofte fører til endringar i behov, rettar og samarbeid med nye tenester.

Endringssirkelen (øvst):

  • Synleggjer at behova til barnet og familien varierer over tid, og handlar om korleis nye behov blir fanga opp og møtt med tiltak.
  • Prosessen består av identifisering, vurdering, tiltak og evaluering.

Oppfølgingssirkelen (nedst):

  • Oppfølging (utvikling, stabilitet) understreker kort viktig kontinuitet og langvarig støtte er. Habilitering handlar ikkje berre om å reagere på endringar, men også om å sikre utviklingsmoglegheiter og stabilitet over tid. Vekslinga mellom utviklingsperiodar og stabile periodar synleggjer kompleksiteten i habiliteringsprosessar.
  • Utviklingsperiode - periodar der barnet utviklar seg, lærer, mistar ferdigheiter eller får nye behov. Utviklinga kan gå i både positiv eller negativ retning.
  • Stabil periode – situasjonen held seg uendra over tid. Stabilitet kan bety både stabilt god, der barnet og familien meistrar kvardagen og har føreseielegheit, eller stabilt utfordrande, der behova held fram med å vere dei same, sjølv om dei framleis er krevjande.

Samspelet mellom sirklane:

Pilene mellom sirklane og tidslinja viser at habilitering er ein dynamisk prosess:

  • Når det skjer endringar (pubertet, endringar i familiesituasjonen, åtferdsendringar osv.), blir endringssirkelen aktivert.
  • Når situasjonen er meir stabil, handlar det om å følgje opp barnet og familien jamt over tid, slik at utviklinga blir teken vare på og kvardagen fungerer. På denne måten vekslar ein mellom periodar med ekstra innsats og periodar med meir stabil støtte. Målet er å sikre at barnet får hjelpa det 
    treng til rett tid, og at familien ikkje står aleine i overgangane.

Om habilitering

Sist oppdatert 15.09.2026