Dette krev ein langsiktig, fleksibel og koordinert innsats der føresette og tenester innan helse, omsorg og oppvekst arbeider tett saman gjennom både stabile fasar og periodar med endring.
Samhandlingsforløpet for barn og unge i habilitering gir ei felles retning for dette arbeidet og består av habiliteringsmodellen for barn og unge, saman med seks tilhøyrande sjekklister.
Prosjekt habilitering i Barn og unges helseteneste
Prosjektet er ei vidareføring av satsinga Barn og unges helseteneste og har hatt som mål å utvikle eit samhandlingsforløp som sikrar eit meir heilskapleg, føreseieleg og samanhengande tenestetilbod for barn og unge med behov for habilitering.
Gjennom tverrfaglege arbeidssamlingar har representantar frå Helse Fonna, kommunane i regionen og brukarrepresentantar utvikla eit felles samhandlingsforløp for målgruppa. Forløpet er konkretisert gjennom Habiliteringsmodellen for barn og unge, som gir ei tydeleg framstilling av korleis eit habiliteringsforløp vanlegvis kan gå føre seg.
For å støtte opp under arbeidet er det utvikla seks sjekklister:
- Ei sjekkliste for habiliteringsprosessar, til bruk i arbeidet med individuell plan (IP).
- Fem sjekklister for sentrale overgangar i barnet og familien sitt livsløp.
Habiliteringsmodellen og sjekklistene er prøvde ut i ein pilotstudie i tre kommunar og blir no tekne i bruk i alle kommunane i Fonna-regionen. Verktøya bidreg til ei felles forståing av roller, ansvar og forventningar i habiliteringsforløpet, og er særleg nyttige i oppstarten. Sjekklistene kan nyttast før, under og etter ansvarsgruppemøte og gir praktisk støtte til eit meir koordinert og heilskapleg habiliteringsarbeid.
Forklaring av habiliteringsmodellen
Tidslinja (horisontalt):
- Illustrerer barnet og familien sitt livsløp gjennom sentrale overgangsfasar: fødsel, barnehage, barneskule, ungdomsskule, vidaregåande skule (VGS) og inn i vaksenlivet.
- Kvar overgang representerer eit kritisk punkt der behovet for tilrettelegging og samarbeid mellom tenester og føresette ofte aukar. I overgangsfaser må situasjonen vurderast på nytt, og tiltaka tilpassast.
- Desse overgangane er særleg viktige i habiliteringsarbeidet, fordi dei ofte fører til endringar i behov, rettar og samarbeid med nye tenester.
Endringssirkelen (øvst):
- Synleggjer at behova til barnet og familien varierer over tid, og handlar om korleis nye behov blir fanga opp og møtt med tiltak.
- Prosessen består av identifisering, vurdering, tiltak og evaluering.
Oppfølgingssirkelen (nedst):
- Oppfølging (utvikling, stabilitet) understreker kort viktig kontinuitet og langvarig støtte er. Habilitering handlar ikkje berre om å reagere på endringar, men også om å sikre utviklingsmoglegheiter og stabilitet over tid. Vekslinga mellom utviklingsperiodar og stabile periodar synleggjer kompleksiteten i habiliteringsprosessar.
- Utviklingsperiode - periodar der barnet utviklar seg, lærer, mistar ferdigheiter eller får nye behov. Utviklinga kan gå i både positiv eller negativ retning.
- Stabil periode – situasjonen held seg uendra over tid. Stabilitet kan bety både stabilt god, der barnet og familien meistrar kvardagen og har føreseielegheit, eller stabilt utfordrande, der behova held fram med å vere dei same, sjølv om dei framleis er krevjande.
Samspelet mellom sirklane:
Pilene mellom sirklane og tidslinja viser at habilitering er ein dynamisk prosess:
- Når det skjer endringar (pubertet, endringar i familiesituasjonen, åtferdsendringar osv.), blir endringssirkelen aktivert.
- Når situasjonen er meir stabil, handlar det om å følgje opp barnet og familien jamt over tid, slik at utviklinga blir teken vare på og kvardagen fungerer. På denne måten vekslar ein mellom periodar med ekstra innsats og periodar med meir stabil støtte. Målet er å sikre at barnet får hjelpa det
treng til rett tid, og at familien ikkje står aleine i overgangane.