Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
Malabsorpsjonssyndrom
Malabsorpsjon betyr manglande evne til å ta opp næringsmiddel i tarmen. Dette kan komme av spesifikke medfødde tilstandar eller komme som følgje av sjukdommar som affiserer mage eller tarm.
Symptom
Vurdering av moglegheit for malabsorpsjon blir gjord både ved generelle symptom frå mage-tarm og ved nærvær av kroniske sjukdommar som Crohns sjukdom, cøliaki, eller sjukdommar som affiserer bukspyttkjertelen. Spesiell merksemd omkring malabsorpsjon er nødvendig etter kirurgi som affiserer mage-tarm. Malabsorpsjon kan gi seg til kjenne både som generelt redusert næringsopptak med etterfølgjande vekttap og kraftløyse, eller som meir spesifikke mangeltilstandar som til dømes jernmangel, mangel på folat, mangel på vitamin B12, D-vitamin eller andre enkeltvitamin.
Ved enkelte tilstandar som til dømes medfødd laktoseintoleranse eller manglande feittopptak ved svikt i bukspyttkjertelfunksjonen, kan ein oppleve meir generelle symptom frå mage-tarmsystemet som diaré, mageknip eller luftsmerter.
Ofte vil evaluering av malabsorpsjon gjerast som ledd i generell oppfølging av kroniske sjukdommar i mage-tarm. Eit program vil som regel innehalde både ein samtale med klinisk undersøking, ein generell gjennomgang av kosten, blodprøvar og eventuelle supplerande undersøkingar med avføringsprøvar eller endoskopi som er nødvendige for å avdekkje underliggjande årsaker.
Tilvising og vurdering
Ofte vil fastlegane kunne gjennomføre mykje av den første utgreiinga for malabsorpsjon. Både oversikt over matinntak og relevante blodprøver kan sendast frå fastlegekontoret.
Tilvising vidare til spesialist er nødvendig der det blir avdekt spesifikk sjukdom som krev oppfølging av spesialisthelsetenesta eller der ein ikkje finn noka klar årsak til malabsorpsjonen.
Tilvising direkte til gastroskopi eller koloskopi kan også sendast direkte frå fastlegen dersom det er klar indikasjon for dette ut frå dei innleiande undersøkingane.
Kort anamnese med vekt på tidlegare sjukehistorie, spesielt tidlegare mage-tarm kirurgi, symptom og klinisk undersøking.
Opplysning om ernæringstilstand; vekt, høgd, BMI, eventuelt vekttaphistorikk.
Svar på orienterande blodprøver: Hb, MCV, ferritin, transferrinreseptor, Kobalamin, folat, trombocyttar, crp, Ca, albumin, Na, k, Mg, kreatinin.
Svar på andre relevante supplerande undersøkingar: Cøliakiantistoff, gentest laktose intoleranse, avføringsprøver (Parasittar, kalprotectin, elastase).
Opplysning om tidlegare endoskopiske eller billediagnostiske undersøkingar med resultat og biopsisvar.
Utgreiing
Slik utgreiing skjer oftast poliklinisk på sjukehuset. Her vil ein gå gjennom sjukehistoria på nytt med vekt på tidlegare sjukehistorie, symptom og klinisk undersøking. Ein vil også gjere ein gjennomgang av ernæringstilstand; vekt, høgd, BMI og vekttaphistorikk.
Det kan også vere aktuelt med meir spesifikke undersøkingar relatert til årsak: Cøliakiantistoff, gentest laktoseintoleranse, avføringsprøvar (parasittar, kalprotectin, elastase).
Mangel på andre vitamin eller sporstoff krev vanlegvis ikkje spesifikk utgreiing dersom ikkje symptom gir mistanke om annan sjukdom.
Kor lang tid tek normalt utgreiingsfasen:
Ventetid for utgreiing av malabsorpsjon vil variere mykje. Alarmsymptom som alvorleg vekttap, jernmangel med anemi, mykje smerter eller nyoppstått kronisk diaré vil få ein prioritet på 4-6 veker. Ved fråvær av alarmsymptom vil ei utgreiing for malabsorpsjon typisk få prioritet 3-4 månadar.
Behandling
Behandling av malabsorpsjon vil avhenge av kva mangeltilstand som finst og kva som er årsaka. Oftast vil behandlinga skje seg poliklinisk og i samarbeid med fastlegen.
Behandlingstid vil avhenge av årsak. Ofte kan mangeltilstandar supplerast ganske raskt. Dei underliggjande tilstandane er ofte kroniske og krev behandling som er tilpassa kvar enkelt tilstand.
Oppfølging av mangeltilstandar som følgje av malabsorpsjon vil avhenge av avdekt årsak. Ofte vil dette vere eit samarbeid mellom spesialistpoliklinikken og fastlegen.
Parkeringshuset nord for sjukehuset er reservert pasientar og besøkande. Alle må betale for parkering. Dette gjer du på p-automatane enten med kort eller kontanter. I tillegg kan du benytte EasyPark appen.
Parkeringshuset har tre ladeuttak.
Reserverte parkeringsplassar
Reserverte plassar for HC-parkering er utanfor hovudinngangen. Hugs å legge parkeringsbeviset godt synleg i frontruta.
Det er reserverte plassar for blodgivarar og dialysepasientar på toppen av parkeringshus. Du vil få utlevert parkeringsbevis frå avdelingen dersom du har rett til å bruke dessa plassane.
Parkeringsavgift
Det er Haugesund Parkering Drift as som har oppfølging av parkeringshuset og parkeringane foran hovudinngangen. Eventuelle klager på p-avgift meldast til dei. Dette finn du også informasjon om på p-automatane.
Pris for å parkere på sjukehus i Helse Fonna er 25 kroner i timen. Makspris for eit døgn er 155 kroner.