Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Virus på balansenerven (vestibularisnevritt)

Virus på balansenerven er ei akutt lamming av balansenerven som medfører kraftig svimmelheit, ustøheit og kvalme. Sjukdommen er truleg forårsaka av aktivering av det same viruset som gir forkjølingssår (herpes simplex-virus). Sjukdommen er ufarleg og forbigåande, men symptoma er ofte svært ubehagelege i byrjinga. Symptoma kan også vere vanskelege å skilje frå andre sjukdommar, inkludert hjerneslag, og rask legeundersøking er derfor viktig.

Prognose

Mange pasientar med virus på balansenerven blir innlagde på sjukehus. Andre gonger blir utgreiinga gjord på eit seinare tidspunkt, nokre gonger etter at dei verste symptoma har gitt seg.

Sjølv om sjukdommen er forbigåande, kan ein stundom oppleve langvarige plager.

Tilvising og vurdering

Både fastlegar og spesialistlegar kan vise deg til denne utgreiinga/behandlinga.

Ventetida er vanlegvis mellom 3–6 månader avhengig av symptom og eventuell tidlegare utgreiing.

  • Beskriving av svimmelheita; type, debut, gå, andre symptom og utløysande faktorar.
  • Medisinliste
  • Eventuell tidlegare utgreiing, inkludert spesialistundersøkingar og biletdiagnostikk.
  • Tidlegare sjukdommar og funksjonsnivå
  • Nystagmusundersøkelse inkludert Dix-Hallpikes-manøver

Utgreiing

Utgreiinga kan innebere mange ulike undersøkingar. Det er ikkje sikkert alle desse er nødvendige i ditt tilfelle – det vil variere ut frå kva symptom du har.

Nokon blir til dømes berre gjorde viss det er tvil om diagnosen, for å utelukke annan sjukdom.

Moglege undersøkingar som kan inngå i utgreiinga:


 

Undersøkinga skjer ved at øret blir stimulert med klikkelydar eller vibrasjon medan muskelaktiviteten på halsen og i ansiktet blir målt. Det er ikkje mogleg å vise direkte til denne undersøkinga.

Før

For å kunne feste elektrodane er det viktig at du ikkje har sminke i ansiktet eller på hals på undersøkingsdagen.

Under

Testen blir utført medan du sit eller ligg i ein stol. Elektrodar blir plasserte i ansiktet og på halsen. I nokre tilfelle vil du få på deg hovudtelefonar/øyreproppar og du kan høyre klikkelydar. I andre tilfelle kan eit apparat som lagar små vibrasjonar bli halde mot hovudet ditt for å stimulere balanseorganet. Små lappar (elektrodar) måler endringar i muskelaktiviteten i ansiktet og på halsen. Behandlinga tek normalt 30–60 min.

Etter

Legen vil tolke resultata. Du kan vere i aktivitet som vanleg etter undersøkinga.

Behandling

Sjukdommen fører ofte til langvarige symptom, og opptrening er viktig for at du skal bli bra.

Forløpet kan delast inn i to fasar:

I den første fasen av sjukdommen (1–3 dagar) kan svimmelheita vere så kraftig at ho kan medføre kvalme og brekkingar ved rørsle av hovudet. Sjukehusinnlegging er ofte nødvendig både for å stille rett diagnose og fordi det kan vere vanskeleg å klare seg heime. Ro og sengeleie vil hjelpe på svimmelheitskjensla, og det finst medikament som kan dempe kvalmen.

Prednisolon er ein medisin som kan brukast dei første dagane ved vestibularisnevritt. Du og legen din vurderer i så fall mogleg effekt opp mot moglege biverknader før oppstart.

I den andre fasen av sjukdommen, som kan vare i veker til månader, vil du kanskje bli svimmel og kvalm når du bevegar deg eller ser på ting som bevegar seg. Du vil også kunne bli fortare sliten og utmatta enn før. Målretta trening er viktig for å unngå langvarige symptom. I denne fasen vil du også trenge mykje kvile. Fokus på å bli bra av svimmelheita, og unngå å ta på deg for store oppgåver i arbeid og privat. Du bør unngå langvarig bruk av medisinar som dempar svimmelheita, då dette kan føre til at opptreninga går dårlegare.

Kroppen har innebygde mekanismar som kompenserer for skaden i balanseorganet. Normal aktivitet stimulerer denne betringsprosessen.

Hovudpoenget med treninga er at du igjen lærer deg å bevege hovud og kroppen din på ein naturleg og avslappa måte. Dette kan du til dømes gjere ved å gå turar i skog og mark.

Oppfølging

Den verste svimmelheita gir seg i løpet av nokre dagar. Dei fleste fungerer normalt igjen etter nokre veker, men det er ikkje uvanleg å ha lette symptom over tid. Dette kan mellom anna dreie seg om ei lett svimmelheitsoppleving ved rask hovuddreiing.

Av og til kan restsymptoma vere meir plagsame. Det kan vere mange årsaker til dette. Fysisk inaktivitet er vanleg, fordi rørsler kjennest ubehageleg og utløyser frykt.

Trening, særleg i form av avspenningsøvingar, vil ofte vere til hjelp ved langvarig svimmelheit.

Dei fleste pasientar kan trene på eigenhand, men nokre treng meir hyppig oppfølging med fysikalsk behandling. Fastlegen kan hjelpe deg med tilvising.

Vestibulær rehabilitering/fysioterapi og tilrettelagd eigentrening er aktuelle tiltak dersom betringsprosessen sviktar.

I nokre tilfelle vil det bli avtalt kontrolltime eller vidare oppfølging av tilvisande lege.

Sist faglig oppdatert 08.01.2025

Kontakt

Haugesund sjukehus Øre-nese-hals

Kontakt Øre-nese-hals

Oppmøtestad

Haugesund: ØNH-avdelinga og høyrselsentralen held til i 1. etasje ved Haugesund sjukehus. Bruk hovudinngangen og gå forbi resepsjonen og sjukehusapoteket. Du finn oss i enden av korridoren.

Stord: Høyrselsentralen ligg i 1. etasje i den kvite bygningen ved sida av hovudbygget til Stord sjukehus.

Odda: ØNH-poliklinikken ligg i 1. etasje på Odda sjukehus. Poliklinikken har eige venterom.

Ved tilpassing av høyreapparat, anbefaler vi at pasienten har med seg følge/pårørande. 

En høy vinkel av en bygning

Haugesund sjukehus

Karmsundgata 120

5528 Haugesund

En bygning med trær og biler foran seg

Stord sjukehus

Tysevegen 64

5416 Stord

En bygning med et fjell i bakgrunnen

Odda sjukehus

Sjukehusvegen 10

5750 Odda

Transport

Det er fleire busstopp like ved og i nærleiken av Haugesund sjukehus.

www.kystbussen.no - Ruteinformasjon for Kystbussen (Bergen-Stord-Haugesund-Stavanger)

www.kolumbus.no - Ruteinformasjon om lokalbussar i Rogaland