
Om oss
Helse Fonna har rundt 4000 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna er eit lokalt helseføretak eigd av Helse Vest RHF. Vi har tre somatiske sjukehus i Haugesund, Stord og Odda, eit psykiatrisk sjukehus på Valen i Kvinnherad, tre distriktspsykiatriske senter (Haugaland, Stord og Folgefonn) og ti ambulansestasjonar.
Våre hovudoppgåver er
- Pasientbehandling
- Utdanning av helsepersonell
- Forsking og opplæring av pasientar og pårørande (jfr. Spesialisthelsetjenesteloven).
Vår visjon
Vi skal fremme helse, meistring og livskvalitet.
Våre verdiar
Respekt i møte med pasienten. Kvalitet i prosess og resultat. Tryggleik for tilgjengelegheit og omsorg
Våre mål
Trygge og nære helsetenester. God samhandling og effektiv ressursbruk i heile pasientforløpet. Aktiv pasientdeltaking og heilskapleg behandling. Ein framtidsretta og innovativ kompetanseorganisasjon
Visjon, verdiar og mål i den regionale strategien Helse 2035 er felles for alle føretaka i Helse Vest RHF og gjeld i heile planperioden. Dei peiker ut retninga for korleis Helse Fonna HF skal utvikle seg innan gitte rammer i nasjonale, regionale og lokale planverk, lovar, forskrifter og styringskrav.
Utviklingsplan
Helse Fonna har ein utviklingsplan som viser korleis vi skal skape pasienten si helseteneste gjennom god og framtidsretta pasientbehandling og god bruk av ressursar.
Les Utviklingsplan for Helse Fonna HF
Helse Fonna har ein eigen overordna miljøpolitikk og miljømål
Helse Fonna HF skal legge til rette for miljøvennleg drift av helseføretaket. Miljøstyringssystemet skal sikre at lovar og forskrifter samt interne krav blir etterlevd.
Vi skal kontinuerleg arbeide for å betre våre miljøprestasjonar. Miljøaspektet skal prioriterast høgt både i drift, innkjøp og investeringar.
Helse Fonna HF skal til ei kvar tid ha fokus på sine miljøområde
- Utslepp (luft, vatn og jord)
- Forbruk av ressursar (forbruksmateriale)
- Avfall (redusere avfallsmengde)
Miljømål
- Redusere føretakets utslepp av CO2
- Auke av kjeldesortert avfall
- Redusere ressursforbruket
- Auke bruk av økologiske matvarer
- Førebygge utslepp gjennom avløp.