Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
En person i laboratoriefrakk

Lunge poliklinikk

Lungepoliklinikken utgreier og behandlar ulike lungesjukdomar som lungekreft, KOLS, astma, sarkoidose, lungefibrose og andre sjeldnare lungelidingar.

Vi undersøker og behandler sjukdommer og tilstander som:

  • Astma
  • KOLS
  • Respirasjonssvikt
  • Tuberkulose
  • Interstitielle lungesykdommer
  • Bronkiektasier
  • Oksygenbehandling i hjemmet
  • Langtids ventilasjonsstøtte
  • Kreft

Kvart år gjennomfører vi om lag 5000 konsultasjonar.

Sjå Lunger og luftveier - Helsenorge for meir informasjon om lungesjukdomar.

 

Arteriell blodgass er ein blodprøve som blir brukt til å vurdere lungefunksjon og balansen mellom oksygen og kulldioksid i blodet. Denne typen blodprøve er litt spesiell fordi vi må ta blod frå ei arterie (pulsåre). Oftast bruker vi pulsåra som ligg i handleddet.

Astmaskule er eit tilbod for deg som har fått ein astmadiagnose og ønskjer meir kunnskap om sjukdommen.

Kurset går over to dagar, med om lag ein månad mellom kvar kursdag. Kvar dag varer frå kl. 09.00 til 15.00.

Det er vanlegvis 10–15 deltakarar på kurset, og du kan gjerne ta med ein pårørande om du ønskjer det.

Vi legg inn små pausar undervegs, og ein lunsjpause der vi et lunsj saman.

Du vil få eit eige pasientskriv frå oss – dersom dette er aktuelt for deg.  

Lungefunksjonsmåling med bodybox er ein pusteprøve der du sit i eitt lufttett kammer og pustar i eitt munnstykke. Følsame sensorar registrerer trykkvariasjonar, både i luftvegane og i kammeret mens du pustar.  

Bronkoskopi gjer det mogleg å sjå og inspisere innsida av luftrøyret og bronkiane.

Eit tynt røyr, bronkoskop, med videokamera blir ført inn gjennom munnen via eit munnstykke som beskyttar skopet. Dette er eit bøyeleg røyr som blir ført ned i svelget, ned gjennom luftrøyret og ned i bronkiane.

Det er lungelege som gjennomfører undersøkinga saman med to sjukepleiarar.

Lungelegen kan sjå sår, tronge parti, svulstar, betennelsesforandringar, bløding og liknande.

Bronkoskopi kan også bli brukt til å ta vevsprøve (biopsi) av slimhinna, lymfeknutar langs pusterøyrene, såret eller svulsten.

Ergospirometri (CPET) er ei undersøking som måler oksygenopptak, lungefunksjon og arbeidskapasitet. Testen blir utført på tredemølle eller ergometersykkel for å bedømme yting under anstrengande aktivitet.

Under gangtesten går du så langt som mogleg på 6 minuttar. Gangtesten måler kor mange meter du klarer å gå på flatt underlag i 6 minuttar, og viser korleis hjarte- og lungefunksjonen påverkar forma og kondisjonen din.

Indusert sputum er ei undersøking der vi framkallar hoste/slim frå lungene ved hjelp av eit inhalasjonsapparat som inneheld saltvatn.

KOLS skole er eit tilbod for deg som har fått diagnosen kronisk obstruktiv lungesjukdom (KOLS), og ønsker meir informasjon om sjukdomen.

KOLS skole er eit to-dagars kurs, som varer frå kl. 09.00 til 15.00. Det vil vere 10-15 deltakarar på kurset, og du kan ta med pårørande dersom du ønskjer det.

Vi legg inn små pausar undervegs, og ein lunsjpause der vi et lunsj saman.

Du vil få eit eige pasientskriv frå oss – dersom dette er aktuelt for deg.

Du kan bli tilvist til oss for å ta lungebiopsi (vevsprøve) dersom det er funnet forandringar på ei eller begge lunger. Det blir då undersøkt vidare ved hjelp av biopsi.

Mange med lungesjukdom blir lett sittande mykje i ro. Det kan vere fordi ein kjenner seg fysisk avgrensa, eller fordi ein er redd for å bli tungpusta.

Lungetrimmen er tilpassa dine behov og avgrensingar. Samtidig har du kvalifisert helsepersonell i nærleiken, dersom du skulle kjenne deg utrygg.

Trimmen blir leia av fysioterapeut i samarbeid med sjukepleiar.

Slik går trimmen føre seg:

Du deltek i gruppetrening med varierte øvingar for både styrke og kondisjon.

Ingen greier ALT, men ALLE greier noko, og LITT er betre enn ingenting.  

Dette er ei undersøking for å diagnostisere og kontrollere astma. Testen måler luftvegane sin tilstand ved at du pustar inn metakolin, som er eit luftvegsirriterande stoff. Ved betennelse i luftvegsslimhinnene er desse overfølsame og reagerer kraftig på metakolin.

Overfølsame luftvegar er eit klassisk kjenneteikn ved astma, men kan også førekome ved andre tilstander. Hyperreaktivitet er ein av flerre faktorar som medverkar i ei astmadiagnose.

Dersom du har redusert oksygennivå i blodet, kan du få oksygen via ulike apparat som du kan låne på sjukehuset. Denne behandlinga gjeld berre for de som har blitt utgreia og med påvist oksygenmangel i blodet.  

Sjå meir informasjon: Pakkeforløp kreft - Helse Fonna HF

Lungene ligg i kvar sin pose i brysthula. Desse lungeposene kalles pleura. Nokre pasientar kan få væske i pleura og det kan då vere behov for å tappe væska. Ved pleuratapping blir det fjerna væske frå hulrommet mellom dei to lungehinnene. Det blir enten for å kartlegge årsaken til væskedannelsen eller for å lindre plagene som væsken gir.  

Spirometri er ei undersøking av lungefunksjonen der du pustar i eit munnstykke for å måle kor mykje og kor fort du kan puste inn og ut. Det blir brukt for å vurdere lungekapasiteten, oppdage lunge-relaterte problem og overvake effekten av behandlinga.

Tuberkulosekoordinator følgjer opp pasientar som blir behandla for latent og aktiv tuberkulose, og har både eit pasient- og systemretta ansvar.

Tuberkulosekoordinator skal bidra til god samhandling rundt pasientane, og fungerer som eit bindeledd mellom spesialisthelsetenesta, kommunehelsetjenesta og andre aktuelle instansar som er involvert i behandlinga. 

Kontakt: Tuberkulosekoordinator Solfrid Johanne Gaard, telefon: 52 73 25 78 / 992 05 614. E-post: solfrid.johanne.gaard@helse-fonna.no
 

Kontakt

Telefon

  • Måndag 07:30 - 15:30
  • Tysdag 07:30 - 15:30
  • Onsdag 07:30 - 15:30
  • Torsdag 07:30 - 15:30
  • Fredag 07:30 - 15:30
  • Laurdag STENGT
  • Søndag STENGT
Poliklikken er stengt i helger og heilagdagar

Slik finn du fram

Oppmøtestad

Vi har felles ekspedisjonsluke med hjertepoliklinikken i 2. etasje. Dersom du tar heisen ved resepsjonen i 1. etasje, finn du luka vår i korridoren til høgre når du kjem ut av heisen.
En høy vinkel av en bygning

Haugesund sjukehus

Karmsundgata 120, 5528 Haugesund

Praktisk informasjon

Apoteket ligg i første etasje, like bak resepsjonen.

Opningstider:

Måndag-fredag kl. 08.00-16.30.

Eigendel

Du får dekka deler av utgiftene dine ved behandling hos lege, på poliklinikk eller andre behandlingsinstitusjonar, men du må betale ein eigendel. Frikort for helsetenester får du når du har betalt over eit visst beløp i eigendelar. Det er ulike eigendelar avhengig av helseteneste.

Eigendelar for helsetenester - Helsenorge

Frikort

Du får frikort for helsetenester når du har betalt over eit visst beløp i eigendeler. Når du viser frikort, slepp du å betale eigendelar for resten av kalenderåret.

Frikort for helsetjenester - Helsenorge

Du kan endre timen din inntil 48 timar før oppmøte. Dette kan du gjere på helsenorge.no eller ved å kontakte oss på telefon 52 73 90 00. Kontaktsenteret vårt er opent kl. 07.30 – 15.30.

helsenorge.no finner du informasjon om timen din i innkallingsbrevet.

​Kantina i  6.etasje er open for tilsette, pasientar og besøkande.

Opningstider:
Måndag - fredag kl. 09.30-15.30. Stengt helger og heilagdagar.

Pasientkantine i 4-og 5.etasje er kun open for pasientar.

Fleire av sengepostane har eigne spiserom med enkel sjølvbetening for inneliggande pasientar. Ta kontakt med di avdeling.

Det ligg ein Narvesen kiosk i 1.etasje

Opningstider:
Måndag - fredag kl. 06.30-21.00
Laurdag: 9.00-20.00
Søndag: 10.00-20.00 




Parkeringshuset nord for sjukehuset er reservert pasientar og besøkande. Alle må betale for parkering. Dette gjer du på p-automatane enten med kort eller kontanter. I tillegg kan du benytte EasyPark appen.

Parkeringshuset har tre ladeuttak.

Reserverte parkeringsplassar

Reserverte plassar for HC-parkering er utanfor hovudinngangen. Hugs å legge parkeringsbeviset godt synleg i frontruta.

Det er reserverte plassar for blodgivarar og dialysepasientar på toppen av parkeringshus. Du vil få utlevert parkeringsbevis frå avdelingen dersom du har rett til å bruke dessa plassane.

Parkeringsavgift

Det er Haugesund Parkering Drift as som har oppfølging av parkeringshuset og parkeringane foran hovudinngangen. Eventuelle klager på p-avgift meldast til dei. Dette finn du også informasjon om på  p-automatane. 

Pris for å parkere på sjukehus i Helse Fonna er 25 kroner i timen. Makspris for eit døgn er 155 kroner.​

Parkering i Haugesund sentrum

Sjå P-kart - Haugesund Parkering